10. klasse i full gong med førebuingane til UKM!

10. klasse Stordal skule klare for å arrangere lokalmønstring i februar - Klikk for stort bilde10. klasse Stordal skule klare for å arrangere lokalmønstring i februar Hallgeir Hove Stordal er UKM-kommune nr. 1, når ein ser på deltaking i høve til folketal både på lokalmønstringane og på landsfinalane (UKM-festivalen). I tillegg er lokalmønstringane her veldig flotte, der det kvart år er 10. klasse ved Stordal skule som står bak. Då er det berre å sette ein ring rundt søndag den 19. februar på kalendaren.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 28.11.2016

UKM - Stordal med høgst deltaking i landet? - Klikk for stort bildeUKM - Stordal med høgst deltaking i landet? Jenny og Kristina Malene, UKM 2007 - Klikk for stort bildeJenny og Kristina Malene, UKM 2007 Hallgeir Hove UKM 2015 - mykje publikum, som alltid - Klikk for stort bildeUKM 2015 - mykje publikum, som alltid Hallgeir Hove UKM 2016 - alle på scena - Klikk for stort bildeUKM 2016 - alle på scena Hallgeir Hove Til liks med tidlegare år er det første søndag i vinterferien, som er kvelden då det heile skal skje. Dermed vert det også denne gongen eit samarbeid mellom 10. klasse og arrangørane av Årsfesten (som kjem laurdagen etter). Dette bidreg til at arbeidet med opp- og nedrigging vert fordelt på fleire og det bidreg også til at ikkje minst det scene-messige og lyd-messige vert fantastisk bra også til lokalmønstringa. I år, som i fjor, er det klart at Lasse Døving vil ta han om det som har med lyd og lys å gjere.

Heilt avgjerande for at det skal bli ei god lokalmønstring, er det sjølvsagt også at det er mange som ynskjer vere med. Her er det viktig å peike på at UKM ikkje er ein konkurranse i vanleg forstand og her er det heller ingen som vert stemt ut. Elles er det også slik at ein eigentleg kan delta med alt mogleg. Les meir om dette og mykje anna, på UKM si nettside.

Påmeldinga startar den 1. desember og dei lokale arrangørane har si eiga side, der dette kan skje. Treng du hjelp til å melde på, så hjelper vi gjerne.

For mykje meir om UKM og kvifor vi hevdar at Stordal er UKM-kommune nr. 1, viser vi til våre tidlegare reportasjar.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove