Fotograf: Stordal skule
10. klasse ved Stordal skule er klare til å gje oss ei forrykande flott lokalmønstring! fotograf Stordal skule
Fotograf: UKM
Jenny deltok i mange år på UKM og også på landsfinalen. I ettertid har ho vore ein viktig ambassadør for mønstringa fotograf UKM
Fotograf: Hallgeir Hove
Alle deltakarane 2015 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Alle deltakarane 2014 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Alle deltakarane 2013 fotograf Hallgeir Hove

10. klasse ved Stordal skule inviterer til lokalmønstring!

Det er som vanleg 10. klasse ved Stordal skule som står for gjennomføringa av UKM her i Stordal kommune. Då snakkar vi naturlegvis om lokalmønstringa og som åra før er det første helga i vinterferien det skjer og då sjølvsagt i Stordalshallen.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 25.01.2016

Noko av bakgrunnen for at nettopp første helga i vinterferien vert velt her, er naturlegvis at det helga etter skal vere Årsfest for Stordalshallen. Eit samarbeid arrangørane imellom blir ein "vinn vinn - situasjon" der ein m.a. unngår å måtte rigge opp og ned det heile fleire gongar og i tillegg er det mulig å samarbeide i høve til lyd og lys.

Årets lokalmønstring fyl malen frå tidlegare og dermed er det all grunn til å gle seg til søndag den 21. februar!

Du kan finne meir info også på arrangørane si hending på facebook!

Vi har tidlegare - og det med rette - slått fast at Stordal verkeleg er ei UKM-kommune! Dette både fordi vi har hatt så flotte loklamønstringar, fordi vi har hatt høgaste deltaking på desse - landet sett under eitt - sett i høve til folketal (sjølv om UKM-Norge ikkje har klart å få med seg det..) og ikkje minst også fordi vi i løpet av ein periode på sju år, hadde med deltakarar på landsfinalen heile fem gongar! Om vi så i tillegg tek med at vår IDOL-vinnar, Jenny Langlo, også er ein viktig ambassadør for UKM, kan det vel knapt verte betre?

I reportasjen her, kan du lese om lokalmønstringa i 2015

I førehandsreportasjen i 2015, kunne du også ta eit tilbakblikk

Les gjerne også meir om korleis det er å delta på fylkesmønstringane

Her frå fylkesmønstringa i 2014

..og her frå 2013

For endå meir om UKM viser vi til nyhendearkivet vårt

For deg som ynskjer å melde deg på, er det sjølvsagt greit å kjenne til nettsida til UKM. Der finn du svar på alt du måtte lure på. Om det evt skulle vere noko, tek du anten kontakt med 10. klasse ved Stordal skule, eller til oss i kommuneadministrasjonen.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove