Fotograf: Hallgeir Hove
10. klasse klare for å gå i gong med førebuingane fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Første førebuingsmøtet vart helde i frivilligsentralen sine flotte lokaler fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Elevane hadde mange gode forslag til korleis ein skal få til ei best mulig lokalmønstring og drog også nytte av dei erfaringane frå tidlegare arrangørar fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: UKM
Klart du må vere med på UKM, seier Jenny! fotograf UKM

10. klassingane i gong med førebuingane til lokalmønstringa

Til liks med tidlegare år, er det 10. klasse ved Stordal skule, som har teke på seg å stå som arrangør av lokalmønstringa av UKM. Sist veke hadde dei møte saman med foreldrekontakt, foreldre og kulturkonsulent og dermed er dei i gong med førebuingane. Dato for lokalmønstringa er også bestemt, nemleg søndag den 16. februar.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 05.12.2013

I samband med at 10. klassingane i 2012 starta førebuingane sine, laga vi ein reportasje som sette fokus på kva possisjon UKM har fått her i Stordal. I tillegg til at vi tok eit tilbakeblikk på dei mange flotte lokalmønstringane her, kunne vi heller ikkje unnlate å peike på at deltakarar frå Stordal kommune har vore med på Landsmønstringa av UKM heile 5 gongar i løpet av ein periode på sju år!

No er det også opna opp for påmelding på nettsida til UKM og til liks med tidlegare år, er det all grunn til å håpe og tru at deltakinga vert god.

Ein av dei som talar varmt for Ungdomens Kulturmønstring og som sjølvsagt oppmodar til deltaking, er våre eigen IDOL-vinnar, Jenny Langlo.

Reportasje frå lokalmønstringa 2013 

Om du har lyst kan du også sjå reportasjen frå fylkesmønstringa 2013

Då er det berre å ynskje 10. klassingane lykke til med førebuingane framover og elles reknar ein med at det er mange som ser fram til å få delta på ei ny super lokalmønstring, anten det er som deltakar eller publikum.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove