100 årsfest for Stordal IL, laurdag den 20. oktober!

Jubileumsfest Stordal IL 100 år - forsidebilde - Klikk for stort bildeJubileumsfest Stordal IL 100 år - forsidebilde

Merk deg datoen med ein gong. Laurdag 20. oktober er det nemleg ingen annan stad du ynskjer å vere, enn i Stordalshallen. Då vil du få med deg ein fantastisk flott jubileumsfest for det suverene idrettslaget i Stordal.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 27.08.2018

Stordal IL 100 år - logo - Klikk for stort bildeStordal IL 100 år - logo Jubileumsfest SIL 90 år. 1. nov. 08\Petter A Busengdal, Odd Kvammen og John K Hove på scena - Klikk for stort bildeJubileumsfest SIL 90 år. 1. nov. 08\Petter A Busengdal, Odd Kvammen og John K Hove på scena Bjørn Steinar Skarbø Jubileumsfest SIL 90 år. 1. nov. 08\Harry - Klikk for stort bildeJubileumsfest SIL 90 år. 1. nov. 08\Harry Bjørn Steinar Skarbø Jubileumsfest SIL 90 år. 1. nov. 08\Ole H og unge utøvarar, med song frå scena - Klikk for stort bildeJubileumsfest SIL 90 år. 1. nov. 08\Ole H og unge utøvarar, med song frå scena Bjørn Steinar Skarbø

No vil det kome mykje meir informasjon om jubileumsfesten, i dagane og vekene framover, men vi kan slå fast at det mellom anna blir eit rikhaldig jubileumsprogram som både vert høgtidssamt og som i høgste grad også byr på humoristiske innslag. Når idrettslaget vårt rundar 100 år, vert det naturlegvis også ein skikkeleg festmiddag og sist, men ikkje minst er Stordal Dansebandforening klare for å ta jubileumsfesten til uante høgder, etter at program og mat er ferdig. Dermed ligg alt til rette for ein skikkeleg heilaften og ein fest som verkeleg er jubilanten verdig.

Det er oppretta ei eiga hending på facebook og denne oppmodar vi sjølvsagt alle til å dele

Så gjer ein også lurt i å legge merke til at du er sikra bordplass og mat, om du er blant dei 400 første betalande. Sikre deg difor billett allereie no ved å bruke Vipps 533116.



 

Som dei fleste nok har fått med seg, mottok Stordal IL også Stordal kommune sin kulturpris nyleg og mange hugsar nok også kor kjekt det var då laget feira 90 årsjubileumet sitt.

 

Så folkens, her er det altså berre å merke seg datoen og ringe av på kalenderen!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove