Fotograf: Hallgeir Hove
Ordførar og flaggberarar i fronten av eit staseleg og rekordstort tog fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Kjempestas å gå i 17. mai-tog! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Verkeleg flott å kunne stoppe opp og heidre bebuarane ved Stordalstunet fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Nina Helland held ein fin tale for dagen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Det var folksamt ved bygdetunet og regnet kom heldigvis ikkje før programmet av unnagjort der fotograf Hallgeir Hove

17. mai-feiring med rekordstor oppslutning

Både på Dyrkorn og i Stordal var oppslutninga kring feiringa av Nasjonaldagen vår større enn nokon gong tidlegare. Veret spelar alltid ei rolle slike dagar, men i Stordal var timinga perfekt då ein var ferdig med alt som skulle skje ved bygdetunet, før regnet sett inn.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 22.05.2012

På Dyrkorn var det tradisjonen tru, middagsservering og kakesal frå kl 12.00. Toget starta kl 14.15 frå Gamleskulen, og gjekk ned til Bakkeplassen. Stordal Hornmusikklag med "forsterkingar" frå Stordal Skulekorps spelte. Feiringa held fram i Gamleskulen, med tradisjonelle leikar for barna utandørs (sjølvsagt med premiering til alle barna!). For dei litt større var det lagt opp til quiz og loddsal. Det vert meldt om god deltaking både i toget og ved Gamleskulen.

Langt og flott tog. I Stordal var det, tradisjonen tru, oppstilling i sentrum kl 10.30. Det var eit staseleg tog med flaggberarar og ordførar i spissen. Nøyaktig kl 10.45 var det salutt og det var verkeleg kraftfulle smell, Kjell Magne Moe hadde å by på denne gongen. Våre dugnade musikantar i hornmusikken og skulekorpset, akkompagnert av hurra-rop frå små og store, gjorde sitt til at dette vart eit verkeleg stasleg tog.

Ved Stordalstunet var det som vanleg stopp for å gjere ekstra stas på dei som bur der. Stordal Hornmusikklag og Tonika spela og song og det er ikkje til å legge skjul på at nettopp stoppen ved Stordalstunet er noko av det som gjer feiringa i Stordal så flott. Blant tilhøyrarane ved Stordalstunet finn ein fleire som har kjempa under 2. verdskrigen og her er mange som har bidratt til å forme stordalssamfunnet til det det er i dag. Verkeleg flott! 

Ved bygdetunet stod 8. klassingane klar med sal av is, brus, kaker og kaffe. Salet gjekk strykande og innimellom all is-etinga, kunne borna springe rundt og leike på det fine grøne graset mellom bygningane der. Det var Jonas Falch, frå arrangørane Hovslia, som ynskte velkomen til feiringa utanfor Løsetstova. Han ga ordet til den utflytta stordalingen Nina Helland, som er bransjesekretær i organisasjonen Industri Energi. I sin flotte tale for dagen tok ho oss m.a. med på eit tilbakeblikk på den sentrale rolla møbelindustrien har spela i utviklinga av stordalssamfunnet. Viktigheita av å hegne om dei verdiane vi alle er så stolte av, kom ho også inn på, der ho m.a. trekte fram den nyleg avdøde krigshelten Gunnar "Kjakan" Sønsteby sin store innsats for landet vårt. Måten vi i fellesskap har takla dei tragiske hendingane sist sommar, var ho også inne på. Ho fekk overrekt velfortente blomster og takk frå Jonas Falch. Også ved bygdetunet vart Nasjonalsongen vår spela og til slutt takka Jonas for det særs gode frammøtet og orienterte dei mange om alt det som skulle skje vidare utover Nasjonaldagen 

Programmet vidare. KL 1300 var det tid for gudsteneste i Stordal kyrkje og kl 1500 starta del II av det som arrangørane Hovslia hadde hovudansvaret for. Då samla folket seg i Stordalshallen der det var flott pynta til feiring. Ikkje minst var det flott å få med seg dei mange flotte 17. mai-teikningane som elevane ved Stordal skule hadde laga. Desse pryda vindauga i grendasalen. Ein super tradisjon! I Stordalshallen kunne borna vere med på fleire kjekke leikar, både i idrettshallen og i grendasalen og Stordal skulekorps kunne by på eit alt for godt kakebord. Det var sett opp stolar og bord til over 200 personar inne i idrettshallen og det var ikkje mange ledige stolane å sjå. Det er på sin plass å gje ros til grenda Hovslia for vel gjennomført arrangement.

Kulturkvelden, der Stordal Ungdomsklubb var arrangør, starta opp kl 1700. Her var det Joakim Helgesen og Jarl Anders Hjelle, som var dugande programleiarar. Dei to tok verkeleg ein fullsett idrettshall med storm og var ikkje dårlegare enn at dei avslutta kvelden med å synge "Ja. vi elsker" og det endåtil tostemt! Dei to er gode dømer på dei mange unge som veks fram, som ser på det å skulle stå på ei scene, som noko av det mest naturlege. Vi hugsar dei m.a. også frå den storslagne ungdomsmusikalen We Will Rock You, tidlegare i år. At det er fleire unge som gjer ein flott figur på på scena fekk vi døme på i tur og orden.

Som vanleg var Stordal Barnekor først ute, med sin stilige innmarsj og med ein kvalitet på det som vert framført på scena som er ganske enkelt eineståande. Når ein i tillegg tenkjer på kor unge desse songarane er, er det ikkje vanskeleg å gje dei ros. Ragnhild Fauske, Kirsti Almås og Ursula Vos er dei som må dele på denne rosen, saman med borna. Dei fem jentene i koret Charis imponerte også med sin fleirstemte song.

Kulturstipend til Sivanja
Etter at barnekoret forlet scena til velfortent applaus, kunne Joakim og Jarl Anders gje ordet til ordførar Charles Tøsse. Det var nemleg klart for høgtidleg overrekkjing av diplom, blomster og sjekk, som synlege bevis på at Sivanja Naguleswaran var tildelt Stordal kommune sitt kulturstipend for 2011. Ordføraren kunne fortelje at stipendet første gongen vart delt ut i 2002 og at det både blant publikum og elles, etterkvart er mange særs dugande unge som er tildelt denne utmerkinga. Det er ganske så eineståande det Sivanja har utretta innan indisk dans og også slik sett er ho ein særs verdig mottakar av stipendet. Sivanja nytta høve til å takke for tildelinga og kunne fortelje at ho sette umåteleg stor pris på den. Ho takka også foreldra sine for all den støtta dei har gjeve ho i løpet av alle desse åra.   

Jenny Marita Sørås har gleda oss mang ein gong, der ho både spelar piano og syng. Ekstra imponerande er det at ho lagar mykje av låtane sine sjølv. Rørande vakkert var det også å få høyre Amalie Ekroll Hove framføre Gabrielles song.

Noko heilt nytt denne kulturkvelden var det at vi også fekk oppleve dei flinke borna i leikarringen som m.a. Ragnhild Flåen og Arna Øvrebust starta opp sist haust. Dei har hatt faste øvingar i grendasalen i eitt halvt års tid no og det er særs kjekt å registrere den gode oppslutninga. Verkeleg flinke var dei!

No var det ikkje berre born og unge, som underheldt oss denne flotte kvelden. Dei fire karane som kallar seg "Gitarkompisane" (eller er det "Gitarkameratane"?) imponerte også stort. Det er Jarle Helgesen, Asle Olsen, Riemo Eisma og Frank Iversen som utgjer denne vennegjengen som først og fremst har stor glede av å kome saman å spele og synge saman. At dei i tillegg vel å late oss andre få høyre, er berre heilt suverent. Liten tvil i at publikum meinte det same og karane slapp ikkje unna før dei hadde framført ekstranummer.

Lyd og lys var det "Gitarkompisane", saman med Per Magne Øvrebust, som tok seg av og veldig bra let det, sjølv utan innleigd utstyr. Tilbakemeldingane frå publikum stadfesta også dette.  

Uttrekking av premiar. Godt hjelpen av dei to programleiarane tok Claus Hoff hand om uttrekkinga av dei heldige vinnarane av lotteriet. Med slike karar i sving, vert sjølv ein slik seanse rett så underhaldande og den godeste Claus nytta også høve til å rette ei stor takk til dei mange verksemdene i Stordal som gong etter gong støttar opp, også i slike samanhengar. Kåre Kleiven vart den heldige vinnaren av hovudgevinsten, ein flott stol med skammel, frå Sitwell.   

Også under kulturkvelden var det særs mykje folk på plass (truleg nærare 300) og det er liten tvil i at publikum sette stor pris på det dei hadde fått vere med på. All ære til arrangørane, Stordal Ungdomsklubb, dei mange som deltok frå scena, lydkarane, kakebakarane, og sist men ikkje minst alle dei som møtte fram.

Mange fleire bilder frå mykje av alt det flotte vi fekk vere med på i Stordalshallen, finn du i Stordalshallen sitt bildegalleri!

Sjå gjerne også endå fleire bilder på Barnas kommune og Stordalshallen sine facebooksider

Hurra for den 17. mai!  

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove