17. mai-feiring

17. mai-feiringa fyl også denne gongen den tradisjonelle malen, både i Stordal og på Dyrkorn. Dette borgar for at det vert ei ny flott feiring av Nasjonaldagen vår.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 11.05.2012
Fotograf: Hallgeir Hove
Toget på veg, med ordførar og flaggberarar i front (2007) fotograf Hallgeir Hove

I Stordal vert det barne- og folketog til Rosekyrkja, med oppstart frå sentrum, rett etter at salutten går kl 10.45. Ved Stordal Bygdetun vert det m.a. song og musikk og tale for dagen. Det er Nina Helland, som skal halde talen i år. Etter dette vert det gudsteneste i Stordal kyrkje.

Frå kl 15.00 held så programmet fram, i og omkring Stordalshallen, der det vert leikar, loddsal m.m.

Kl 17.00 inviterer Stordal Ungdomsklubb på familiefest i Stordalshallen. Her vert det altså ei overlapping mellom den offisielle delen av arrangementet og kulturkvelden i regi av ungdomsklubben. (Sjå eigen plakat nedst på sida)

Arrangør av den offisielle delen denne gongen er Hovslia. (Sjå eigen plakat nedst på sida)

På Dyrkorn startar toget frå Gamleskulen til Bakkeplassen kl 14.15. Ved Gamleskulen vert det servering av mat frå kl 12.00 og det er også der det vert leikar og moro utover ettermiddagen. 

Stordalssongen  

I samband med Nasjonaldagen, er det ikkje til å legge skjul på at også Stordalssongen får ekstra stor plass i hjarta våre. Om du vil, kan du kikke nærare på eigen reportasje om denne kjære songen vår. Der vil du finne meir om bakgrunnen til songen, du kan høyre Tonika og Stordal Hornmusikklag framføre den og sjølvsagt finn du teksten til alle versa. Anbefalast!


Tidlegare feiringar 

Reportasje om 17. mai-feiringa i 2011.

Tidlegare reportasjar om flotte 17. mai-feiringar.

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove