Fotograf: Hallgeir Hove
Den dyktige gjengen saman med den dyktige kurshaldaren fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Henrik Bollingmo orienterer og ynskjer velkomen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Alle deltakarane fekk øve både på hjerte/lunge-redning og på korleis hjertestartar fungerer fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Stabilt sideleie og sikre frie luftveiar, var sjølvsagt noko av det første ein kom inn på fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Bollingmo viser korleis hjertestartaren fungerer fotograf Hallgeir Hove

18 deltok på hjertestartarkurs

Det er særs kjekt å meddele at nok eit kurs i bruk av hjertestartar og grunnleggande hjerte/lunge-redning er gjennomført. I går kveld var Henrik Bollingmo på plass og kursa heile 18 personar. Bollingmo er redningsmann ved Luftambulansen i Ålesund og det vart ei særs lærerik og gjevande økt. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 10.06.2015

Det er liten tvil om at det er viktig at så mange som mulig er kjent med korleis ein skal opptre om ein skulle kome i ein situasjon der det er behov for livreddende førstehjelp. No er det også slik at alle og ein kvar sjølvsagt håper å unngå å kome i slike situasjonar, men godt er det iallefall å vite at det etterkvart er mange i vårt lokalmiljø som har fått øvd og kursa seg.

Mange av dei som var med i går kveld, har tidlegare ikkje vore med på liknande kurs. Det høyrer vidare med å nemne at også brannvesenet i Stordal har gjennomført slike kurs og kurs er også gjennomført ved legekontoret. Ved Stordal Alpinsenter er det også hjertestartar og etter planen skal nytt kurs gjennomførast også der i løpet av sommaren/hausten 2015.

Her er oversikta over dei som deltok på kurset i går kveld:

1) Palma F Øvrebust (folkehelsekoordinator m.m.)
2) Bjørg Jacobsen (frivilligsentralen, Stordalscup m.m.)
3) Åsmund Larsen (fotballgruppa/alpingruppa)
4) Linda Vad (Stordal skule)
5) John Helge Larsen (Stordal skule)
6) Torunn S Tafjord (Stordal skule)
7) Hallgeir Hove (dagleg leiar Stordalshallen/kulturkonsulent)
8) Birgit Bratland (helsefagarbeidar)
9) Liv Hauge (helsefagarbeider)
10) Martin Vos (kommuneadministrasjonen)
11) Diana Helland (Andershaugen barnehage)
12) Ann Elise Dyrkorn (leiar pensjonistlaget)
13) Bente Vad (folkedansgruppa)
14) Ursula Vos (folkedansgruppa)
15) Per Kjell Holtleite (folkedansgruppa)
16)Lise Merete Bull (Andershaugen barnehage)
17)Siv Anita Bråten (Andershaugen barnehage)
18)Frode Færøy (Øvre Stordal)

Les gjerne meir om hjertestartaren vår og anna, i våre tidlegare reportasjar.

DERSOM DET FRAMLEIS SKULLE VERE NOKON SOM ER USIKKER PÅ KVAR HJARTESTARTAREN VED STORDALSHALLEN ER PLASSERT, ER DET BERRE Å FYLJE LENKA RETT OVANFOR HER. DET ER NEMLEG OGSÅ BILDER FRÅ FOAJEEN I STORDALSHALLEN I DEI TIDLEGARE REPORTASJANE!

Det høyrer igjen med å takke Stordal Helselag for støtta til gjennomføring av kurset og ikkje minst stor takk til kurshaldar Henrik Bollingmo og dei mange deltakarane!


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove