Fotograf: Hallgeir Hove
Inger Anna Omenås orienterer den store gruppa med deltakarar i grendasalen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Supert at heile 19 personar tok del fotograf Hallgeir Hove

19 fekk lære meir om bruken av hjartestartaren

Det har no gått vel eitt år sidan hjertestartar kom på plass ved Stordalshallen. Sist veke fekk endå fleire opplæring i korleis denne skal nyttast, når Inger Anna Omenås frå Simcare køyrde ei økt på i overkant av ein time. Praktisk utprøving stod i fokus.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 24.10.2012

Det var Inger Anna Omenås, frå Simcare i Ålesund, som stod for den særs nyttige og sjølvsagt livsviktige gjennomgongen. Opplæringa var lagt inn som første del av det obligatoriske møtet for gruppene med faste trenings- og øvingstider ved Stordalshallen.

Særs gledeleg er det også å konstatere at møtet, sist måndag, samla alle desse gruppene og i tillegg var også dei fleste av dei som tok kurset i bruk av hjertestartar i fjor, på plass.

Her er oversikta over dei som deltok:

Stordal skulekorps v/Ruth Janne Vinje
Fotballgruppa v/Jens Åge Øvrebust
Hoppgruppa v/Per Ivar Skodjereite
Stordal Pistolklubb v/Leif Øvrebust
Barneidrett v/Oddbjørn Nilsen
Klatreklubben v/Eli Søvik
Alpingruppa v/Ole H Busengdal
Pensjonistlaget v/Einar K Hove
Skyttarlaget v/Johan-Arnt Ludvigsen
Stordal hornmusikklag v/Hilde Dyrkorn
Stordal IL , hovedstyret v/Vigdis Hove
Stordalscup v/Bjørg Jacobsen
Stordal Folkedansgruppe v/Palma F Øvrebust
Leik 2-6 år v/Bård Hove
Liabygda skytterlag v/Jostein Myrvang
Tennis/bordtennis (vaksentrim) v/Tomasz Golanski
Stordal skule v/Odd Einar Kalvø

I tillegg var også Agata Golanska og dagleg leiar med og dermed altså heile 19 personar totalt. Sjølv om gjennomgongen ikkje i lengde tilsvarar det eit repetisjonskurs krev, var det utvilsamt nyttig for alle deltakarane. Sju av dei som deltok var også med, då kurset over 4 timar vart gjennomført i fjor. 

Det er elles gledeleg å registrere at det er grupper her, som ynskjer å køyre eigne kurs for sine medlemmar. Etter det vi kjenner jobbar no Stordal Folkedansgruppe med å få til dette. Om det er fleire som kunne tenkje seg å delta på kurs, ville det vere fint om det vart gitt signal til oss om dette.

Du finn meir informasjon om hjertestartaren vår og bruken av denne i eigne lenker i reportasjen vår frå august i fjor

Stor takk til alle dei som stilte opp og sjølvsagt takk til Simcare for det gode samarbeidet vi har fått etablert.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove