|
|
|
|
Finn fram til Stordalshallen ved hjelp av Google Maps.
Stadig fleire finn vegen til Stordalshallen og dei siste åra er det også mange langvegsfarande som har vitja oss. No kan ein lett finne fram ved hjelp av Google Maps.
Besøkstalla våre er særs høge og gjestane våre kjem ikkje lengre berre frå det nære omlandet. Stordalshallen har i mange år hatt gjestar frå utlandet, i samband med Spjelkavik videregående skole sine flotte ekskursjonar. Dei siste par åra, har det også vore langvegsfarande gjestar som t.d. Grenaderkorpset i Trondheim. Ein kan også trekkje fram det internasjonale MC-treffet i 2007. Då kom det gjestar frå heile Europa og dei som hadde reist lengst då, kom heilt frå sydspissen av Spania! (du finn mange reportasjar om besøkja våre i vårt arkiv)
No kan alle gjestane våre med lettheit finne fram ved å gå inn på Google Maps. Dette vil difor også vere eit flott hjelpemiddel for alle som skal arrangere noko ved Stordalshallen. Dersom gjestane treng hjelp til å finne fram, er det berre å tipse dei om Google Maps. Skriv Stordalshallen i søkefeltet og dermed er du framme! (du får også opp detaljert reiserute, om du skriv inn kvar du startar frå)
Flott, ikkje sant?
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
|
|
Stordalshallen
|
|
|
|
Postboks 115
|
|
6259
Stordal
|
 |
|
Telefon
|
:
|
70279123
|
|
Mobil
|
:
|
90949358
|
|
|