Ole Ivars til Stordalshallen i oktober!

Det er no klart at det vert stor dansegalla med Ole Ivars og Dansebandet i Stordalshallen, laurdag den 16. oktober. Dermed er det berre å sette ein stor ring rundt denne datoen på kalendaren din!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 10.06.2010

Ole Ivars har vitja Stordalshallen også tidlegare og då var det sjølvsagt også fullt hus. Knapt noko anna danseband kan vise til slik publikumsinteresse som disse karane og det var tydeleg at Olai Nakken hjå arrangørane (Stordal Alpin) var særs nøgd, då han i dag kunne melde om at avtalen var på plass.

I tillegg til Ole Ivars, vil også Dansebandet stå for topp dansemusikk denne kvelden. Dette er også, som dei aller fleste kjenner til, eit band med særs dugnade og røynde musikarar. Her finn ein mellom andre også Pål Amdam frå Ørskog med.

Du må sjølvsagt lese meir om banda. Meir om Ole Ivars her og meir om Dansebandet her.

Ein kan no altså merke seg at Stordal Alpin har sikra seg noko av det ypperste innan dansemusikk, til gallaen i oktober. Når ein i tillegg veit kor flotte disse arrangementa også elles er, vil det vere lurt å merke av datoen på kalendaren.

Om du har lyst, kan du lese meir om mange av dei flotte dansegallaene i Stordalshallen. Lenker finn du då nedanfor.   

Kontaktinformasjon
_
_
Stordalshallen
Postboks 115
6259  Stordal
 
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
 
 
Telefon : 70279123
Mobil : 90949358
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Torbjørn Emblem      Nettredaktør Hallgeir Hove