Dette markerte også at Stordalscup 2010 no er i gong for fullt og samstundes var dette også som kjent ein del av Barnas aktivitetsveke. Vel framme ved Kirkebø stadion, venta underhaldning frå scena, fotballkamp med stilfull innmarsj og flott opptreden av "Hurricanes" (cheerleading i pausen), tivoli og mykje meir.
På utescena fekk vi oppleve deltakarane frå songseminaret til Maria Holand Tøsse (sjå eigen reportasje her) og etterpå var det klart for dei lokale og særs dugande banda; Lady Writers og Childs Play. Ein kjempeflott kveld vart det, med mange flotte opplevingar.
Stordalscup 2010 er i gong og dermed også Folkefesten!
Vi blir berre nøydd til å ta med nokre bilder til frå det flotte toget. Sjå difor "Nytt frå kultur og fritid" om du vil ha dei med deg.