Maria Holand Tøsse bak supert songseminar.

På utescena fredagskvelden, fekk vi oppleve ni kjempeflinke jenter. Alle hadde dei vore med på songseminaret til Maria og det var liten tvil i at dette hadde gjeve resultat.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 03.07.2010

I utgangspunktet skulle dette vere eit seminar over to kveldsøkter, men jentene og ikkje minst Maria sjølv, var så oppglødd at det vart fleire kveldar og i tillegg øving også på dagtid. Utan tvil stort for jentene og det er berre å ta av seg hatten for innsatsen til Maria. Seminaret var som kjent også ein del av Barnas aktivitetsveke og ein tek truleg ikkje feil når ein hevdar at born og unge har fått vere med på utruleg mykje flott disse seks første dagane. (ta deg gjerne tid til å kikke på reportasjane frå kvart av opplegga)

Med på songseminaret var det både dei som hadde erfaring frå scena tidlegare og dei som dette var relativt nytt for. Men alle som ein imponerte dei og responsen frå publikum var også veldig god.

Anne Berit Løset overrekte blomster til Maria, som takk for den eineståande innsatsen. I tillegg til å rose Maria for det ho hadde utretta med jentene denne veka, peika Anne Berit også på at Maria verkeleg var eit forbilde for dei. Det at Maria har evne til å ikkje ta seg sjølv så høgtidleg og utstråle slik glede både på og utanfor scena, vart også trekt fram.

Vi er stolte av både Maria og dei andre unge songtalenta våre!

Kontaktinformasjon
_
_
Stordalshallen
Postboks 115
6259  Stordal
 
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
 
 
Telefon : 70279123
Mobil : 90949358
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Torbjørn Emblem      Nettredaktør Hallgeir Hove