Programmet for Stordalscup 2010 var tettpakka og aldri tidlegare har det vore så mykje å oppleve som denne gongen.
Fotballkampane:
Det var nærare 90 lag med og dermed om lag 900 fotballspelarar i aksjon. Kampavviklinga gjekk veldig bra og det er all grunn til å rose arrangørane også for at dei maktar å få til dette. På laurdagen (dagen då det vart flest lag i aksjon) vart det spela kampar på sju baner kontinuerleg, frå tidleg morgon til langt ut på ettermiddagen. Det vil igjen tilseie at det var omlag 130-140 spelarar i aksjon til ei kvar tid på stadion! Imponerande!
Langvegsfarande lag:
For første gong i cupen si historie deltok det lag frå utlandet. Laget frå Lezajsk var eit veldig kjekt bekjentskap og i og med at dei kom til Stordal alt på torsdagen er det mange som har fått høve til å bli betre kjent med denne sympatiske gjengen. At gutane var flinke til å spele fotball, var det ingen som helst tvil i.
Heilt frå Oslo kom Holmlia. Eit ekstra poeng her, var at det var Roger Parr (oppvoksen på Dyrkorn) som trena laget og at sonen hans Benjamin (lillebror til Jonathan), spela på laget. Laget imponerte med strålande teknikk og med eit særs godt utvikla samspel. Då vi fekk høve til å sjå dei i aksjon mot Stordal, var det også nokre feiande flotte scoringar, der både Benjamin og fleire med han hadde skudd i vinkelen fra langt hald.
Kanskje vert det høve til gjensyn både med laget frå Lezajsk og frå Holmlia neste år? Det ville i tilfelle ha vore veldig stas.
Arrangementet elles:
Stordalscup er blitt så omfattande no, at det er umulig å rekke over alt. Det samme vert det om ein skal prøve å beskrive det heile.
Messestandane var minst like mange som tidlegare år og det var utvilsamt mange som gjore knallgode kjøp. Interessa for loppemarkedet er også veldig stor. Då loppemarkedet var klar til å opne på laurdagsmorgonen var naturleg nok ekstra mange på plass.
I Stordalshallen var der elles stor kafe og frå scena fekk ein mange flotte kulturinnslag.
I tillegg til all fotballen på stadion, var det også i år laga til stor paintball-bane like ved. Tivoli er stadig like populært og i tillegg var det mange som nytta høve til å konkurrere om å skyte hardast (lasermåling), om å klare å plassere fotballen best og å bruke færrast slag i minigolfløypa. Vestnes Bueskyttere stilte elles opp med heile 4 instruktørar denne gongen både på laurdag og på søndag, noko som gjorde at denne aktiviteten vart endå større enn før. På søndagen vart det også avvikla konkurranse i bruskassestabling, der Kristian H Dahl sette ny rekord, med heile 24 kasser!
På laurdagskvelden var det, tradisjonen tru, utedans ved stadion. Vestnorge laga skikkeleg stemning og det var nærare 800 til stades. Veldig kjekt var det også å registrere den flotte atmosfæren som var. Her var alle komne for å danse og hygge seg i festeleg lag. Dette inntrykket vert også stadfesta i eigen reportasje i Sunnmørsposten, der det kjem fram at operasjonsleiar i Sunnmøre Politidistrikt, Einar Rostad, fortel at patruljen som var innom arrangementet ikkje fann noko dei måtte påtale. Med så mykje folk på plass, er dette sjølvsagt ekstra flott. Arrangørane stilte med veldig godt vakthald og med godt synlege vestar, der det står "VERT" på ryggen. Det slår truleg ikkje negativt ut det heller.
På søndagen vitja også, Aafk og landslaget sin, Jonathan Parr arrangementet og det vart intervju med han på tribuna. Der fekk også dei unge høve til å stille spørsmål. Veldig kjekt at Jonathan stilte opp også denne gongen, sjølv om mange nok hadde sett at det var i Tromsø han oppheldt seg i dag. (men ein strekkskade sette dessverre ein stoppar for det)
Det er nok mykje meir som burde vore trekt fram, av det som gjekk føre seg disse dagane under cupen, men det er grunn til å både tru og forvente at det kjem fyldige reportasjar i lokalavisene med det første. Eigentleg burde eit slikt fantastisk arrangement fortjent plass også andre stader, som t.d. hjå NRK, men det kan ein kanskje håpe på neste gong?
Vi kjem attende med 10 -12 bilder til i løpet av morgongdagen. Dei bilda vil du finne i Stordalshallen sitt alltid oppdaterte bildegalleri.
Heile kommunen med!
Det er ikkje lett å kome med noko eksakt tal på kor mange det er som er i sving for å få til eit slikt kjempearrangement, men at det er ein stad mellom 250 og 300, er det nok ikkje tvil i. Når ein veit at det berre bur i overkant av 1 000 innbyggjarar her, er vel eigentleg så å seie alle frå 11 - 12 år og oppover med, i større eller mindre grad.
Det er på sin plass å rette ei stor takk til Stordal IL, fotballgruppa, til cupkomiteen og til alle dei friviljuge som stilte opp. Det var ikkje vanskeleg å registrere lovord frå dei mange som hadde teke turen til Stordal denne helga og truleg var det også denne gongen omlag 6-7 000. Rett og slett eineståande.
Då er det berre å ynskje alle saman velkomen attende til ny folkefest om eitt år og gratulere Stordalscup med eit kjempeflott jubileumsarrangement!
Barnas aktivitetsveke.
Stordalscup 2010 markerte også slutten på den særs vellukka aktivitetsveka her i kommunen. For den som har lyst til å ta eit lite tilbakeblikk på alt det som har skjedd dei siste 8 dagane, finn ein reportasjar frå alt saman her på sidene våre. Det er mange, både store og små, som fortjener ein god ferie no.
God sommar, alle saman!