Grendasalen vert klasserom

Dei fleste har nok fått med seg at det skal byggjast ny skule og i desse dagar startar arbeidet opp. I ein slik situasjon er det naturlegvis også avgjerande at ein har alternative lokalitetar, som kan fungere som klasserom, det komande skuleåret. Grendasalen i Stordalshallen er ein av stadane som vil verte nytta.
Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 15.08.2011
Fotograf: Hallgeir Hove
Når grendasalen vert klasserom, vil kanske prosjektor og storskjerm kunne bli eit kjekt hjelpemiddel. Dette bildet er frå Vasanabasar tidlegare i år fotograf Hallgeir Hove
Få, eller ingen, har nok noko imot at det no kjem nytt skulebygg på plass og dermed går vi utifrå at alle er budde på å takle dei eventuelle utfordringane som kan ligge i at grendasalen no først og fremst vert undervisningslokale det komande skuleåret. Rett nok er det naturlegvis på dagtid, mellom kl 08.30 og kl 14.00, undervisninga vil gå føre seg og for alle oss andre brukarane av Stordalshallen er det først og fremst på ettermiddag/kveld vi treng grendasalen. Slik sett vil dette difor ikkje ha så mykje å seie, men det neste året må vi alle saman m.a. syte for at organiseringa av stolar og bord i grendsalen vert slik som skulen har funne ut som den beste. Det er her utarbeidd ei eiga planløysing for dette. Sjå denne som eiga fil nedanfor. I praksis vil dette bety at brukarar på kveldstid, som må omorganisere i høve til stolar, bord o.l., må sette dette på plass att i tråd med dette oppsettet. Mopping/vasking etter bruk, gjeld som før. Dette vert ikkje mindre viktig å peike på, når ein veit at dette vert arbeidsplassen til elevar og lærarar eitt år framover. 

Besøkjande 
Det er stadig fleire som ynskjer å besøkje oss utanfrå og dei fleste helgane er det grupper på besøk. Dermed vil dette heller ikkje kome i konflikt med skulen sin bruk av grendasalen. Av og til er det sjølvsagt grupper som gjestar Stordalshallen på vekedagar, som t.d. Spjelkavik vgs og Ålesund vgs, og gjerne då med eit par overnattingar. Dette vil sjølvsagt gå fint også dette året. Så lenge Stordalshallen kan informere skulen om dette, god tid i førevegen, vil skulen kunne tilpasse dette og "frigi" også grendasalen.

Arrangement
Det er mange større og mindre arrangement i Stordalshallen i løpet av året og også komande arrangørar må merke seg at grendasalen no vert klasserom ei tid. Ikkje minst gjeld dette sjølvsagt i høve til oppryddinga i etterkant. Ofte er det behov for stolane, lagra under scena i grendasalen, og dermed vert det nødvendig å flytte litt på stolar og bord i grendasalen for å få desse ut og inn. Hugs då på å sette på plass att slik det skal stå!

Møteverksemd
Grendasalen er også eit naturleg val når ein ynskjer å avhalde møter av ulikt slag. Dersom dette er møter som treng litt plass og dermed at den delen av grendasalen som ikkje er nytta til klasserom vert for liten, kan det vere greit å vite at vi har flotte lokalitetar ved Stordal Ungdomsklubb/Stordal frivilligsentral. Det er Bjørg Jacobsen som er kontaktperson der og ho er å treffe på e-post: bjorg.jacobsen@stordal.kommune.no eller på tlf 90 52 91 64.

Generelt
Med den store aktiviteten som er ved Stordalshallen og med så mange faste brukarar er det sjølvsagt no ekstra viktig at vi alle gjer det vi kan for at dette skal fungere best mulig. Det vil kanskje også kunne dukke opp uventa utfordringar framover, men i tilfelle er ein viss på at vi i fellsskap skal klare å takle også desse. Overordna alt anna bør det uansett vere at avgangselevane ved Stordal skule får eit så bra undervisningslokale som mulig, det komande skuleåret.

Dette skal vi få til! 
 
   

Kontaktinformasjon

Stordalshallen Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Lars Joranger      Nettredaktør Hallgeir Hove