Fotograf: TV2
IDOL-Jenny vil du få oppleve, både i samband med juleavslutninga til skulen og Stjerner i Stordal! fotograf TV2
Fotograf: Hallgeir Hove
Juleavslutningane til Stordal skule, må berre opplevast! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: John Kristian Hjelle
Grendacup også denne jula! I år er det fotballgruppa som arrangerer. Øvrebust til topps i fjor fotograf John Kristian Hjelle
Fotograf: Hallgeir Hove
Maria H Tøsse står bak Stjerner i Stordal fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Både små og store på scena, under avslutningsnummeret Stjerner i Stordal 2010 fotograf Hallgeir Hove

Stor aktivitet som vanleg!

Også denne jula vert det mange flotte arrangement i Stordalshallen. Det startar med Stordal skule si juleavslutning 21. desember og vidare kan vi sjå fram til både Grendacup og Stjerner i Stordal!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 16.12.2011

Juleavslutning

Juleavslutningane til Stordal skule er eitt av høgdepunkta i løpet av året og det er ikkje til å legge skjul på at vi verkeleg ser fram til dette imponerande arrangementet. Sjå reportasjar frå tidlegare juleavslutningar nedanfor. 

Ekstra stas denne gongen vert det sjølvsagt at vår nye IDOL-stjerne, Jenny Langlo, vil delta på juleavslutninga. Det vil då også bli ei "velkomen heim - markering" for ho. Les meir om Jenny m.a. i eigne reportasjar på Stordal kommune si heimeside.

Grendacup

Det er i år fotballgruppa i Stordal IL, som står som arrangør av Grendacupen. Dei vil arrangere denne 2. juledag og då slik at det vert lagt opp til fotballturnering for dei unge (5. t.o.m 8. klasse) frå kl 10.00, etterfulgt av den tradisjonelle turneringa. Det vert sjølvsagt open kafé heile dagen og vel verdt å få med seg.

Stjerner i Stordal, denne gongen også med Jenny!

5. juledag (altså den 29. desember) er det på ny klart for Stjerner i Stordal! Dette har vore veldig kjekke arrangement, der talentfulle unge frå Stordal opptrer på scena. Maria H Tøsse, som også elles har regien bak Barnas kommune si aktivitetsveke, er den som vil leie det heile. Før på dagen har dei unge talenta fått med seg eige songseminar med ho og på kvelden er det altså klart for framføring. Også i samband med Stjerner i Stordal vil ein få oppleve Jenny Langlo. Denne kvelden vil nemleg også ho stå på scena. Jenny vil også vere med og gje inspirasjon til dei som skal vere med på songseminaret før på dagen.

Mykje kjekt å sjå fram til med andre ord og sjølvsagt ekstra stas at vi får høve til å treffe vår nye IDOL-stjerne!

Barnas kommune sitt program for jula i si heilheit HER.

Juleavslutninga 2010 

Juleavslutninga 2009

Juleavslutninga 2008

Stjerner i Stordal 2010

Konsert med ungdomar 2009

Grendacup 2010

Tilbakeblikk på tidlegare Grendacup-arrangement

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove