Trenings-, øvings- og opningstider, vinter 2012

Ein kan no presentere ei oversikt over tilbod innan kulturfeltet. Der kjem m.a. også dette med tidspunkt, stad og kontaktperson fram. Dei nye trenings- og øvingstidene ved Stordalshallen er ein del av denne oversikta.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 05.01.2012
Fotograf: Tore Sandberg
Både på Stavsengfjellet og elles rundt om, vert det stor aktivitet framover fotograf Tore Sandberg
Gledeleg vis er det no full aktivitet ved skianlegga våre og dermed er det kjekt å kunne presentere treningstidene/opningstidene der. I tillegg kjem det stadig nye tilbod på plass og ikkje minst er det, som tidlegare peika på, kjekt å registrere den store aktiviteten ved Stordal frivilligsentral. Oversikta vår, syner vidare ei rad tilbod på mange ulike arenaer.

I Stordalshallen er det mange som ynskjer treningstid også i den komande perioden og det er difor ei utfordring å makte å få det til slik at alle er 100% tilfreds med plasseringa av treningstidene sine. Men uansett er vi truleg ganske så godt stilt, samanlikna med dei fleste andre stadar (der enkelte ikkje får plass i det heile)  

Det er vidare kjekt å registrere at ein i fellesskap, langt på veg har lukkast med å fordele tilboda utover, slik at ein unngår dei heilt store kollisjonane. Dermed kan den som ynskjer det, langt på veg, få med seg både korps- og korøving, barneidrett og treningstilbod elles, utan at dette kolliderer tidsmessig. Dette er sjølvsagt også heilt avgjerande, om ein skal klare å oppretthalde mangfaldet av tilbod også vidare framover.

Sjå lenke til oversikta over trenings- øvings- og opningstidene, nedanfor.

I tillegg til desse faste aktivitetane, frå veke til veke, skjer det framleis også mykje anna. Mykje av dette vil du kunne finne i kulturkalenderen vår og elles i form av førehandsreportasjar både her og på andre heimesider. Kulturkalenderen finn du HER 

Når det gjeld treningar/øvingar i Stordalshallen, vil ein del verte påverka av at det er stor aktivitet også elles der. Dette kan vere arrangement av ulikt slag, samt at Stordalshallen ofte har besøk av grupper utanfrå. Dermed vil ein del treningar/øvingar måtte gå ut. Nedenfor presenterer vi difor også ei oversikt over dette. For dei som har faste treningar/øvingar i Stordalshallen vil det vere lurt å halde seg oppdatert. Vi har tidlegare også peika på at grendasalen i Stordalshallen dette skuleåret fungerer som klasserom for 10. klasse ved Stordal skule. Ber difor igjen om at alle merkar seg dette. Les gjerne tidlegare reportasje om dette HER

Då er det berre å ynskje alle saman lukke til med aktivitetane utover vinteren.

Sjå gjerne også meir om arrangement framover, i kulturkalenderen vår HER

 

 
   

Kontaktinformasjon

Stordalshallen Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Lars Joranger      Nettredaktør Hallgeir Hove