Det var på tysdag sist veke at journalist, Kenneth Kamp, vitja oss. Han fekk då høve til å snakke nærare med eit knippe av våre ungdomar, for å få nærare kjennskap til både kva dei held på med og korleis dei opplever det å vekse opp i Stordal, fylket si minste kommune.
I tillegg kom han sjølvsagt inn på dei mange flotte resultata innan idrett og kultur, der stordalsungdom verkeleg har gjort seg bemerka også det siste året.
I reportasjen i papirutgåva av Nytt i Uka, vart det også plass til fine førehandsomtalar av både Stordalscup, Kyrkjehola Kulturbeite, Barnas Supersommar m.m.
Sjå også eige intervju (s. 34) med vår folkehelsekoordinator, frivilligsentralleiar, cup-general, m.m.m. Ganske riktig siktar vi til Bjørg Jacobsen.
På Nytt i Uka si nettutgåve, finn ein sjølvsagt også reportasjen, men då ikkje i si heilheit.
Det er ikkje til å legge skjul på vi opplever det som særs at mykje av alt det positive som skjer i kommunen vår, får slik merksemd.
Sjå gjerne også våre tidlegare reportasjar der vi har peika på at lille Stordal vert lagt merke til!
Dei komande dagane og vekene vil bli særs innhaldsrike, der m.a. ei stor gruppe med ungdomar deltek på Hip Hop-kurs, det vert bandseminar og mykje, mykje anna. Men tru ikkje at det berre er her på heimebane at ungdomane er i sving.
Til helga skal altså Virusha Naguleswaran, med syster Sivanja som reiseleiar og støttespelar, til Trondheim for å delta på UKM-festivalen. Vi nyttar høve til å ynskje ho lukke til der!
Vidare dreg ungdomane bak musikalsuksessen We Will Rock You på tur til London (og sjølvsagt skal dei ha med seg musikalen!) Ein vel fortent tur for denne suverene gjengen.
Sjølv om gradestokken no viser nærare 20 grader og vi går inn i jonsokhelga, betyr ikkje det at våre alpinistar og langrennsløparar har teke sommarpause. Også denne helga går vegen, for mange av alpinistane, til Juvassbreen (v/Galdhøpiggen) for å kome seg på ski. Kretslaget i langrenn dreg til Sognefjellet.