Hovudtrenar Lars Skrede kunne konstatere at samlinga hadde vore særs vellukka, både sportsleg og sosialt. Det var elles imponerande å høyre kor stor oppslutning handballen har i Sula, noko som m.a. resulterer i at dei faktisk har heile tre lag med i serien, berre i 14 års klassa for jenter! Les gjerne meir om dette på Langevåg IL si heimeside.
I løpet av helga køyrde dei heile fem økter inne i idrettshallen og i tillegg ei god økt med løpstrening på det flotte tartandekket ved Kirkebø stadion. Skuddlaseren stod framme heile helga, slik at jentene kunne teste krafta i skudda sine.
Det vart også tid til sosialt samvær, sjølvsagt og på laurdagskvelden kunne alle saman også hygge seg med grilling i området utanfor Stordalshallen.
Vi nyttar høve til å takke for det hyggelege besøket og samstundes ynskjer vi alle dei tre laga lykke til i dei komande kampane!
"Takk for en super helg inne hos dere, alle er kjempefornøyd!"
Lars Christian Skrede, hovudtrenar Langevåg IL (J 14)