Logo - Ingeniør Rune Stavseng
Logo - Ingeniør Rune Stavseng
Fotograf: Privat
Rune Stavseng fotograf Privat
Fotograf: Stordal IL
Dei fleste dreg nok også kjensel på brørne til Rune. På det meste var dei på bana, alle sju! fotograf Stordal IL

Ingeniør Rune Stavseng også på plass!

Då har vi gleda av å kunne formidle at nok ein samarbeidspartnar er på plass. Denne gongen er det Ingeniør Rune Stavseng, som har kome med på laget. Alle som er opptekne av Stordalshallen kan gle seg over at interessa for å delta på vårt profileringskonsept er stadig like stor, og dermed at all ledig reklameplass vert fyllt opp!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 17.09.2013

Stordalshallen har sidan sommaren 2009 hatt over 90 samarbeidspartnarar og då slik at all ledig reklameskiltplass har vore oppteken. Berre når det av naturlege årsaker er verksemder som går ut av samarbeidet, har vi opna opp for å få med nye. Det er slik sett særs gledeleg å registrere at nye verksemder står klare, når det opnar seg muligheit. I løpet at dei siste månandane har fyljande verksemder kome med: vpg.no (lokalisert på Oppdal!), Nettbuss, Geiranger Turbuss, Stranda Blomster, Hotel Union, Storfjorden Ergoterapi, EK Bil, EL 24 Stranda og i tillegg har Tafjord utvida med å få på plass 2 skilt på heile 3 meter kvar.


Meir om vår nye samarbeidspartnar Ingeniør Rune Stavseng

Ingeniør Rune Stavseng er nok kjent for dei aller fleste, anten ein no høyrer heime i Stordal, eller elles i distriktet. Han har nemleg røtene sine frå Stordal, og er m.a. ein av heile sju brør, som utgjorde stammen i Stordal IL sitt fotballag rundt 1975. Han spela etterkvart også fleire sesongar på Rollon sitt lag i 2. divisjon.

Men truleg er det i rolla som ingeniør dei aller fleste kjenner til Rune, som har lang fartstid i bransjen. Med oppstart så tidleg som i 1980, har han over 30 års erfaring og tilbyr sine tjenester innan fyljande område:

- Skadetaksering

- Skadeskjønn

- Verdi- og lånetaksering

- Tilstandskontroll

- Byggeledelse

Ingeniør Rune Stavseng er lokalisert i Ålesund og slik kan du enkelt kontakte han:

Telefon: 70 14 26 02   Mobil: 90 65 86 60   e-post: rune@stavseng.no

Vi nyttar høve til å ynskje vår nye samarbeidspartnar Ingeniør Rune Stavseng, velkomen med på laget!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove