Den STORE Nyttårskonserten 2014
Konsertplakat
Fotograf: Sunnivakoret
Det er litt av eit kor som kjem på vitjing rett over nyttår! fotograf Sunnivakoret
Ytre Suløen, saman med Tricia Boutté
Ytre Suløens Jassensemble, saman med Tricia
Tricia Boutté
Tricia Boutté må berre opplevast!
Fotograf: Elin Parr
Stordal barnekor vil ein også kunne få oppleve og etter det vi har forstått, skal dei også få synge i lag med Sunnivakoret! fotograf Elin Parr

Den store Nyttårskonserten med Sunnivakoret og Ytre Suløens Jass-ensemble!

Mange tenkjer nok på Wien, når det er snakk om nyttårskonsertar. Men no er det altså Stordal som gjeld, og det er ikkje småtteri vi har å sjå fram til. Søndag 12. januar, vil du nemleg få oppleve Sunnivakoret, under leiing av Per Oddvar (Prots) Hildre, Ytre Suløens Jassensemble og i tillegg har dei fått med seg Tricia Boutté som solist!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 05.12.2013

Det er blitt ein fast tradisjon at Sunnivakoret og Ytre Suløens Jassensemble arrangerer nyttårskonsertar rundt om og denne gongen har dei gledelegvis altså bestemt seg for å legge denne til Stordal.


Sunnivakoret

Sunnivakoret består av 80 songarar frå kommunane Selje, Vanylven, Vågsøy og Flora på Nord-Vestlandet, men dei har også deltakarar frå andre kantar av landet. I år feriar dei 10 års jubileum!

Ta deg ein kikkk innom den flotte heimesida til Sunnivakoret!

Der finn du også nokre lydspor frå den siste CD deira.

Les reportasjen i Sunnmørsposten frå mars i år, der 10 års jubilanten vert omtala.

Sjå også eiga pressemelding frå leiaren i Sunnivakoret, Jon-Arve Trandal, nedst på sida.


Per Oddvar "Prots" Hildre

Sunnivakoret er svært glade for å ha Per Oddvar 'Prots' Hildre som instruktør og kunstnarisk leiar. Han er ei levande legende i korsamanheng, kjend langt ut over Noregs grenser, og det er ikkje utan grunn han vert kalla 'Trollmann med kor'. Han er ein fantastisk pedagog, leiar og inspirator, og få - om nokon - kan gjere han det opp att. Per Oddvar Hildre er m.a. tildelt Korprisen 2010 frå Norges Korforbund.

"Prots" har også eiga heimeside. Kikk gjerne innom, for meir.


Ytre Suløens Jassensemble vart stifta så tidleg som i 1973 og det skulle bli ganske så nøyaktig 40 år sidan det! Særs imponerande!

No er det sjølvsagt slik at vi alle har god kjennskap til kva dei står for, men uansett kan det vere kjekt å vitje også deira heimeside for å lese meir om alt dei har gjort. Ikkje minst alt det spanande dei har vore med på, både i Afrika og andre stadar, dei siste åra. Nyttårskonsertar, saman med Sunnivkoret, er også blitt ein tradisjon.

Ytre Suløen fyl du også på facebook!


Tricia Boutté

"Tricia Boutté-Langlo (født i New Orleans) er en amerikansk vokalist (jazz, soul, funk), kjent fra flere samarbeid med norske musikere. Hun er niese til jazzvokalistene Lillian Boutté og John Boutté. I hjembyen har hun siden 1984 spilt med en rekke av byens orkestre, kanskje mest kjent for å ha ledet reggae-bandet «Cool Riddims & Sista Teedy» (1995–2000) som ga ut Pledge to my People og fikk flere utmerkelser (1998).[1] Hun ble da også kåret til årets utøver.[2] Hun har spilt med flere av verdens ledende jazzmusikere som Fats Domino og Harry Connick, og med Ytre Suløens Jassensemble og Lionel Batiste.Hun har sammen med Ytre Suløens Jassensemble gitt ut Way down yonder (2002) og turnert (2002,2003,2006,2011).Hun har ellers spilt med Dixi og Kari Bremnes, og sang i 2010 sammen med gruppa Gumbo på Kongsberg Jazzfestival."

For å få nokre smakebitar av det Tricia kan by oss på, anbefaler vi ein tur innom youtube her! 


Også lokalt innslag

I Stordal er det også rike kor-tradisjonar, med mellom anna blandakoret Tonika, som har gleda oss i mange, mange år. Sjå gjerne reportasjen vi laga om dei då dei feira 25 års jubileum i fjor. 

Vidare kjem vi ikkje utanom Stordal barnekor og dei kan vi faktisk også gle oss til å få oppleve på scena - der dei også syng saman med Sunnivakoret - denne søndagen! Alle detaljane kring dette er enno ikkje på plass, men eit slikt lokalt innslag med barnekoret blir det. Stordal barnekor er som kjent verkeleg er i vinden om dagen (med eigen CD og greier!


VELKOMEN TIL TIDENES NYTTÅRSKONSERT, SØNDAG 12. JANUAR KL 16.30!

NOKON SOM FRAMLEIS LURER PÅ KVAR DU KAN FÅ OPPLEVE DETTE? I STORDALSHALLEN SJØLVSAGT! 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove