Fotograf: Ruth Janne Vinje, Bygdebladet
Sjefen sjølv, Geir M Holstad, i ei av dei nye flott trekkvognene fotograf Ruth Janne Vinje, Bygdebladet
Fotograf: Ruth Janne Vinje, Bygdebladet
25. mai 2016 vart seks nye trekkvogner overlevert frå MAN til Holstad Transport fotograf Ruth Janne Vinje, Bygdebladet
Fotograf: Ruth Janne Vinje, Bygdebladet
F.v. dagleg leiar Olav Rune Vestre i Auto Last Møre, salskonsulent Eldar Antonsen i MAN Truck & Bus Norge, Geir Martin Holstad og Thomas Holstad i Holstad Transport fotograf Ruth Janne Vinje, Bygdebladet
Holstad Varetransport AS
Reklameskiltet til Holstad Varetransport vil vere på plass i Stordalshallen i få dagar

Vi held fram med å presentere nye samarbeidspartnarar! I dag Holstad Varetransport AS!

Holstad Varetransport AS er lokalisert i Stordal kommune og verksemda har fått mykje mediedekning den siste tida. Grunnen til dette er naturlegvis satsinga på seks nye trekkvogner og tilsetting av seks nye sjåførar! Dette er naturlegvis særs gledeleg og vi synest også det er stor stas at verksemda vil bli med på vinnarlaget vårt!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 09.06.2016

Det er særs gledeleg å registrere den store interessa for å bli Stordalshallen sin samarbeidspartnar. For å få plass til alle som vil vere med, har vi teke i bruk endå ein vegg i hallen vår. Dette er veggen bak tribuna vår. Men no er det slik at også denne er i ferd med å fyllast opp.

Dermed er det ganske så nøyaktig 100 verksemder med på laget og slik sett nesten meir "normalt" å vere med på laget enn å ikkje vere det. I alle fall nå vi snakkar om lokale verksemder. Om vi t.d. tel verksemder i våre nabokommunar (Norddal, Ørskog og Stranda) er det no faktisk heile 30 firma frå desse med! I tillegg står ytterlegare fleire, klare til å kome med. Ei eiga oversikt med hyperlink til dei alle, finn ein naturlegvis på Stordalshallen si nettside, samt på Stordalshallen si facebookside.

Når Stordalshallen om få månader kan ferie at det er 20 år (ja, du les rett!) sidan den vart opna, vert det naturlegvis også ekstra kjekt å vere samarbeidspartnaren vår. Då skal vi ha både nye jubileums t-skjorter og "buffar" klare. Natrurlegvis då slik at alle våre samarbeidspartnarar er med også der!

Men tilbake til vår nye samarbeidspartnar, Holstad Varetransport! 

Ruth Janne Vinje hjå Bygdebladet, laga ein fin reportasje om Holstad Varetransport i samband med at dei seks nye trekkvognene kom på plass. Reportasjen kan ein sjå som eigen pdf, nedst på side her.

Med dei nye bilane og sjåførane har firmaet no 18 køyrety og 20 tilsette. Holstad Transport køyrer på oppdrag frå Bring, DHL og DSV.

- Vi har drive firmaet som eit enkeltmannsforetak, men gjer det no om til eit aksjeselskap, seier Holstad, som har heimekontor i ”Rystehuset” i Stordal sentrum.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove