|
|
|
|
Spjelkavik videregående skole, med ny vellukka ekskursjon!
For 9. året på rad har Spjelkavik videregående skole gjennomført ein tre dagar lang ekskursjon i Stordal. Stordalshallen har vore base for besøket i alle disse åra og i skrivande stund er gruppa i ferd med å avslutte årets ekskursjon med eit flott opphald ved Arena Overøye.
Det er liten tvil i at dette er eit ganske så unikt opplegg. I løpet av opphaldet er det ei heil rad aktivitetar dei er innom der alt det Stordalshallen har å by på, vert kombinert med skiaktivitet på dagtid.
På tysdagen gjekk turen til Stavsengfjellet skisenter, der gruppa hadde fokus på grunnleggjande skiopplæring og skileik.
Onsdagen var det skitur til Fokkhaugstova, med innlagt orientering om skred, korleis ein kan lage bivuak i snøen osv, osv.
Og i dag altså; tur til Arena Overøye der slalom, telemark og snøbrett stod i fokus.
Av aktivitetane i Stordalshallen, kan vi nemne at heile gruppa fekk rikeleg høve til å prøve ut både klatreveggen, skytebana og trampolina. Instruktørar frå klatreklubben, skyttarlaget og trampolinegruppa var i sving frå kl 1900 og fram til kl 2300 både tysdagen og onsdagen. 7-8 instruktørar var på plass til ei kvar tid. Dette er sjølvsagt høgdepunktet for mange av deltakarane.
Vidare var det også eige opplegg på team-track´n, basketballturnering, volleyballturnering, bordtennis, sjonglering osv osv. Dei musikalske nytta elles også høve til å spele piano. Vi gløymer heller ikkje at det var høve til å få med seg Champions League-oppgjeret mellom Liverpool og Arsenal på storskjerm i grendasalen! (sjølvsagt i opptak, etter at instruksjonsopplegga var ferdig)
Opplegga til Spjelkavik videregående skule særmerkjer seg også ved at dette er ein del av eit utvekslingsprogram skulen er med på.
Difor har vi, år etter år, hatt gleda av å få besøk av elevar og lærarar frå ein skule i Amersfoort i Nederland. Denne gongen var det også med ei gruppe elevar/lærarar frå Portugal. (i løpet av alle disse åra har det også vore med grupper frå Irland, England og Frankrike) Også portugisarane var eit triveleg bekjentskap og våre sydlandske gjestar imponerte, m.a. med stor entusiasme knytt til å lære seg å gå på ski. Dei var rett og slett flinke, sjølv om dei aldri hadde prøvd dette tidlegare!
Den om lag 90 personars store elevflokken bur ved Stordalshallen og sjølv om overnattinga skjer på flatseng, er det ingen "sure miner" av den grunn. Fellesmåltida, overnattinga og alt det andre er både sosialt og triveleg. Ein del av lærarane er innkvarterte ved Blåtind Appartement og då veit dei fleste også kor flott dei har det!
Om lag 20 elevar (både norske og utanlandske) held på med eit prosjekt kalla "home and abroad" og kva var vel meir naturleg enn at dei fekk høve til å avlegge Placement sine flotte nye lokaler eit besøk. Janet Roelofs, og dei andre medarbeidarane ved Placement, tok velviljug imot og det heile vart særs interessant og nyttig. Gruppa vart veldig godt motteken og det vanka både forfriskningar, kaker og ikkje minst souvenirar. Ekstra stas var det sjølvsagt for dei nederlandske gjestane å kunne slå av ein prat med dei fem tilsette, som var på plass denne dagen.
Det er liten tvil i at gjestane no dreg heim med mange flotte opplevingar i baggasjen. Det er vanskeleg å sjå at det kan gjerast særleg betre enn dette. Spjelkavik videregående skole har rett og slett eit opplegg som på alle måtar er fantastisk. Med alt det Stordalshallen, og Stordal kommune elles, har å by på vert dette ekstra bra. Ein vil nytte høve til å takke alle dei som stod på for at ekskursjonen, også denne gongen, skulle bli so flott. Ikkje minst er det nok ein gong på sin plass å trekkje fram dei mange instruktørane som var i sving.
Til slutt ei stor takk til Spjelkavik videregående skole og sjølvsagt til dei to skulane frå Nederland og Portugal.
God tur heim og velkomen attende til Stordal!
For meir om disse opplegga, viser ein til fleire reportasjar i arkivet. I tillegg er det også lagt ut nye bilder frå opphaldet i bildegalleriet vårt. Ein finn også bilder frå tidlegare ekskursjonar der. I tillegg finn ein nokre videosnuttar frå ekskursjonen i 2007.
Sjå også link til Spjelkavik videregående skole si side. Også der finn ein meir om ekskursjonane. Etterkvart vil det kome reportasje om årets ekskursjon og sjølvsagt finn ein link til utvekslingsskulane sine nettsider der.
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
|
|
Stordalshallen
|
|
|
|
Postboks 115
|
|
6259
Stordal
|
 |
|
Telefon
|
:
|
70279123
|
|
Mobil
|
:
|
90949358
|
|
|