AKO Consulting AS, neste verksemd med på vinnarlaget!

AKO Consulting AS - Klikk for stort bildeAKO Consulting AS

Vi har nettopp presentert den første verksemda som inngår samarbeidsavtale med Stordalshallen i 2018, nemleg Norwegian Marine Interior AS. No er det altså AKO Consulting AS som er klar og det litt spesielle her, er at mannen bak, også stod for etableringa av nettopp Norwegian Marine Interior AS, i lag med Langset-konsernet i Molde, hausten 2014.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 29.01.2018

The World - Klikk for stort bildeThe World MS Norwegian Star - Klikk for stort bildeMS Norwegian Star Norwegian Marine Interior - Klikk for stort bildeNorwegian Marine Interior Per-Ivar Willumsen - AKO Consulting AS - Klikk for stort bildePer-Ivar Willumsen - AKO Consulting AS Privat

Vi snakkar då om Per-Ivar Willumsen, som m.a. kan vise til over 30 års erfaring frå denne bransjen. Han har m.a. vore prosjektleiar for innreiingsarbeida på det kjende leiligheitsskipet "The World", samt Hurtigruteskipa; "MS Midnatsol" og "MS Trollfjord"  . Ein heil serie med passasjerskip til greske rederi, ved Fosen Yard, er også i porteføljen.

Når det gjeld ombyggingsoppdrag, er cruiseskipet "Norwegian Star" det største oppdraget. Innan tradisjonell skipsbygging, har han vore prosjektleiar for innreiing av en heil mengd offshorefartøy, fiskefartøy og ferger, med dei 5 store gassfergene til Fjord1 som dei mest kjente.  

Som nemnt ovanfor stod han også for etableringa av selskapet Norwegian Marine Interior AS hausten 2014 og då saman med Langset-konsernet i Molde.

 

Første oppdraget for AKO Consulting AS var å koordinere ombygginga av innreiinga på Hurtigruteskipa "Kong Harald", "Polarlys", "Nordkapp" og "Spitsbergen". Dette skjedde ved Fosen Yards i Rissa kommune og verftet var slik sett kunde, i perioden frå februar t.o.m juni 2016.

Frå august 2016 har oppgåva vore prosjektleiing for Molde-selskapet Norwegian Marine Interior AS, som han altså også stod for etableringa av, og då primært i høve til kontrakta på dei nye ekspedisjonsskipa til Hurtigruten, nemleg "MS Roald Amundsen" og "MS Fritjof Nansen". Willumsen har, som prosjektdirektør, ansvar for heile prosjektgjennomføringa av all innreining på skipa, i høve til engineering, planlegging, innkjøp og installasjon.

Her er kontaktinfo til AKO Consulting AS:

Mob: +47 915 43 180

Email: piw@ako-consulting.no  

 

Vi ynskjer med dette også Per-Ivar Willumsen og hans AKO Consulting AS, velkomen med på vinnarlaget vårt!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove