Det har vore besøkjande ved Stordalshallen tre helgar på rad no (sjå eigne reportasjar), noko som stadfestar den store interessa. Neste helg skal det vere arrangement der, men helga etter, er det Nørvasund Skolekorps som kjem. Forøvrig femte gongen deira det!
Denne helga var det altså Aksla IL sine suverene 2002 - gutar, som vitja oss. Liknande opplegg køyrde dei også sist haust og reportasjen frå den gongen syner kor kjekt dei hadde det då.
Her er i korte trekk det dei gjennomførte denne helga:
Etter at dei hadde innkvartert seg laurdag morgon, var det klart for barmarksøkt med Ingrid Busengdal, frå Stordal Alpin. Gutane fekk køyrt seg, liten tvil om det. Her var det i tillegg til styrke også fokus på koordinasjon. Etter litt mat var det fri-aktivitet i idrettshallen, fram til kl 16.30. Då var Steffen Staurset på plass på konkurransetrampoline og Lottie Eisma og Hallgeir Hove sikra i klatreveggen. I tillegg fekk gutane køyre på med akrobatikk på team-track`n. Denne økta varte fram til ca kl 18.00 og etter ein dusj var det på tide å legge turen til Nilsgardstunet, der vertskapet stod klare med taco. Kvelden vart runda av med glimt frå storheiter som Zinedine Zidane og andre, på storskjermen i grendasalen. Kan ein ha det betre?
På søndagen var det så klart for 11 - kamp mot eit sterkt Stordalslag på Kirkebø Stadion. Men både før og etter kampen, vart det mange skot mot laseren i Stordalshallen for å avgjere kven som hadde mest kraft i støvelen. Sjølv om det vart tap mot Stordal (som også hadde med ein del spelarar som var noko eldre) var alle samde om at det hadde vore særs nyttig og kjekt å spele denne.
Ludvig Stokkeland, ein av leiarane som var med heile helga, har laga ein flott bildepresentasjon du berre MÅ få med deg! (den har fått plass i vår oversikt over liknande flotte samlingar, arrangement o.l.)
Som nemnt køyrde dei eit liknande opplegg også sist haust, og vi vel å tru at dette tydar på at dei trivast her i Stordal!
Vi tek med fyljande helsing på facebook, frå Trond Gulbrandsen, ein av leiarane i laget: "Tusen takk til Stordalshallen og Stordal fotball for ei kjempehelg. Hilsen Aksla 2002."
At vi synest det er stas å ha ein slik super gjeng på besøk, er det iallefall ingen tvil om!
Her kan du sjå tre av spelarane til Aksla IL, vise fram litt av det Ingrid lærte dei i samband med barmarksøkta, laurdag føremiddag. Imponerande, ikkje sant?