Aksla IL sitt G 16 - lag, med god samling i Stordalshallen.

Per-Trygve Refsnes, som er hovudtrenar for laget, melder at det vart ei vellukka treningssamling i Stordalshallen sist helg. Dei talentfulle 16 åringane til Aksla IL, var særs ivrige og også elles var opplegget så bra at dette på alle måtar vart vellukka.
Fotograf: Frå heimesida til Aksla IL.
Aksla IL, gutar 16 år (arkivfoto) fotograf Frå heimesida til Aksla IL.
Dei dugande gutane boltra seg i Stordalshallen i to heile dagar og det var ikkje lett å få dei vekk frå handballbana. I tillegg vart det sjølvsagt tid til sosialt samvær, med mellom anna fotballandskamp på storskjerm i grendasalen og anna.

Det er liten tvil i at disse gutane kjem til å bite frå seg når handballsesongen startar opp og med opphaldet i Stordalshallen unnagjort, er dei siste detaljane på plass. I løpet av ei slik samling vert også samhaldet i laget styrka.

Om du vil kan du lese meir om disse lovande handballspelarane på Aksla IL si eiga heimeside. Sjå lenke nedanfor.

(ein beklager at det ikkje er eigne bilder frå samlinga. Eit arkivfoto av laget er henta frå Aksla IL, si heimeside)

Aksla IL, er berre eitt av mange lag som vel å legge treningssamlingane sine til nettopp Stordalshallen. Om ein kikkar i arkivet vårt, finn ein reportasjar frå mange av disse samlingane. Både fotballag, handballag og volleyballag frå mange klubbar i Ålesundsområdet vitjar oss kvart år og dei kjem att år etter år. Nettopp det at dei ynskjer å kome attende år etter år, set vi naturlegvis stor pris på og vel å tru at dette ikkje er tilfeldig.

Vi vil med dette få ynskje Aksla IL sine dugande handballspelarar lukke til med sesongen!
 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove