Fotograf: Hallgeir Hove
Aksla-trenar, Cato Eide, deler ut premiar til spelarane (Stordal og Aksla) fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Christian Helseth deler ut pokal til Stordal sin keeper, Hanne Malene Simonsen fotograf Hallgeir Hove

Aksla sitt J 13 - lag med vellukka treningshelg

Sist helg var 14 jenter frå Aksla sitt J 13 lag (fotball) på plass i Stordalshallen. Frå dei kom på fredagskvelden og til langt ut på søndagen, var det stor aktivitet i idrettshallen og i tillegg rakk dei få med seg ein heil del anna kjekt. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 10.02.2014

Det vart sjølvsgt god tid til å trene fotball i løpet av helga og etter det vi kjenner til hadde dei ei økt på fredagskvelden, to på laurdag og ei på søndagen. På laurdag kveld, køyrde dei i tillegg ei kjekk og uformell turnering der også nokre av jentene frå Stordal sitt J 2 og J 13 fekk vere med med eit lag.

I tillegg til fotball vart det naturleg nok viktig å få med seg ein del OL-sendingar på storskjermen i grendasalen.

Alt av matlaging skjedde også i Stordalshallen og dei fire karane som var med, fiksa også den biten på utmerka måte. I tillegg til trenar Cato Eide, var også Hans Roar Aas, Jon Kvalø og Christian Helseth med på treningshelga og dei hadde ingen vanskar med å halde styr på den kjekke gjengen med fotballjenter frå Aksla IL.   

Jentene sjølve stod for organisering av andre uhøgtidlege konkurransar og såg ut til å ha det rett så kjekt saman.

Trenar for laget, Cato Eide, oppsumerte det heile på denne måten: "Alle sammen hadde en praktfull helg og det passet oss perfekt for treningshelg."

For oss er det sjølvsagt stas med tilbakemeldingar - som tydar på at også Aksla sine J 13  spelarar har hatt ei utbytterik helg hjå oss - og legg ikkje skjul på at både spelarar og dei særs hyggelege lagleiarane er hjarteleg velkomne attende.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove