Ungdomsrådet ønskjer å tilby ulike aktivitetar i Stordalshallen,
ein fredag i månaden fram til sommaren. Det vil bli ulike aktivitetar frå gong til gong, og i hovudsak vil dette vere aktivitetar som klatring, volleyball, håndball, teamtrack og hinderløyper. Ungdomsrådet ønskjer at aktivitetskveldane skal vere eit lågterskel tilbod for ungdommane, samtidig som det skal vere kjekt og sosialt.
Det vil vere instruktørar og representantar frå ungdomsrådet til stades på alle aktivitetskveldane som blir desse fredagane:
7. april kl. 19:00-20:30
5. mai kl. 19:00-20:30
2. juni kl. 19:00-20:30
Medlemmane i ungdomsrådet håper på stort oppmøte og oppmodar ungdom også frå nabobygdene til å ta turen! Det er gratis inngang - det einaste du må huske å ta med er innesko og drikkeflaske!
Om dette blir eit populært tiltak, vil det halde fram også til hausten!