Fotograf: Hallgeir Hove
Det var ein veldig triveleg gjeng som beøskte oss denne helga! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Dette er idrettsutøvarar som verkeleg held høgt nivå fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Heidi Hansen tok imot heile gjengen på hytta si på Overøye fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Ålesund Sportsdrill
Her er endå fleire av utøvarane til Ålesund Sportsdrill, fotografert i november 2015 fotograf Ålesund Sportsdrill

Ålesund Sportsdrill med vellukka treningshelg i Stordal

Denne helga var det ei tropp frå Ålesund Sportsdrill som besøkte Stordalshallen. Det var den eldste gruppa i laget og denne gjengen satsar verkeleg hardt på idretten sin. Dei deltek m.a. på EM rundt om og det neste målet no er å kvalifisere seg til VM!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 18.01.2016

To heile dagar til endes kunne dei boltre seg i idrettshallen vår, noko som ikkje er kvardagskost for dei, heimehøyrande i Ålesund kommune. Som ein del av opplegget, denne helga, vert det overnatting hjå Heidi Hansen på Overøye. Heidi er mor til Synne Nygård (som vi også kjenner som aktiv i Stordal Alpin) og Synne er også ein del av denne proffe gjengen.

For meir om det desse supre jentene står for, viser vi til den flotte facebookside dei har: https://www.facebook.com/AalesundSportsdrill/?fref=ts

Vi synest det er stor stas at dei også vil nytte Stordalshallen i samband med sine førebuingar til VM og takkar for eit særs hyggeleg besøk!

...og sjølvsagt; Lykke til! :)

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove