Ålesund vgs sine idrettsfagselevar med ny vellukka ekskursjon!

Ålesund vgs mars 2017 - Hurra for idrettsfag!  - Klikk for stort bildeÅlesund vgs mars 2017 - Hurra for idrettsfag! Hallgeir Hove

Dei over 50 elevane og lærarane frå Ålesund videregående skole, som sidan onsdag har budd ved Stordalshallen, konstaterer at ekskursjonen deira på alle måtar vart vellukka. På dagtid onsdag og torsdag var dei på ski på Langsætrane til langt ut på ettermiddagen, medan det i dag var turneringar i idrettshallen som stod på programmet. Dei to kveldane har det også vore fullt opp med program, med m.a. quiz, underhaldning frå scena og mykje anna.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 24.03.2017

Ålesund vgs mars 2017 - Klikk for stort bildeÅlesund vgs mars 2017 Hallgeir Hove Ålesund vgs mars 2017 - Klikk for stort bildeÅlesund vgs mars 2017 Hallgeir Hove Ålesund vgs mars 2017 - Klikk for stort bildeÅlesund vgs mars 2017 Hallgeir Hove Ålesund vgs mars 2017 - Klikk for stort bildeÅlesund vgs mars 2017 Hallgeir Hove

Skiaktiviteten har ein sentral plass på desse turane og det vart mange timar på Langsætrane, både på onsdagen og torsdagen. I tillegg til å øve både på diagonalgong og skøyting, vart det også rikeleg med tid til å lage både hopp, kular og staup o.l. Takka vere Stordal Fjellservice kunne dei nyte nytrakka spor under heile opphaldet sitt her.

I dag var det altså turneringar som stod på programmet og gruppene møtte kvarandre både i handball, fotball og volleyball. Det heile enda opp med ein finale og vinnarlaget fekk seg sjølvsagt jubileumsskjorte med Stordalshallen. Men sjølvsagt vart det også "jubileumsbuff" til absolutt alle, i tillegg!

På ekskursjonar som dette er studentane inndelt i grupper og får tildelt ulike oppgåver og dette såg ut til å fungere veldig godt også denne gongen. Ein super gjeng som såg ut til å ta ansvar for kvarandre.

Vi synest sjølvsagt det er stor stas å ha besøk frå Ålesund videregående skole kvar år og nyttar med dette høve til å takke for besøket for denne gong og ynskjer dei velkomen tilbake når dei måtte ynskje det!

Sjå gjerne også våre tidlegare reportasjar om besøk frå denne supre skulen.

2011     2014     2015    2016

Sjå gjerne også eige galleri med over 100 bilder frå besøket deira denne gongen, på Stordalshallen si facebookside

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove