Ålesund videregående skole igjen!

Ålesund videregående skole mars 2018 - Klikk for stort bildeÅlesund videregående skole mars 2018 Hallgeir Hove

Det har blitt ein tradisjon for oss å ta imot idrettsfagselevar, samt lærarar, frå Ålesund videregående skole. Opplegget er genialt, der dei kombinerer flotte opplevingar på ski i Langsæterområdet, med å bu ved Stordalshallen og utnytte alt av muligheiter også der. Også denne gongen kom dei på onsdag og med retur i dag (fredag).

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 16.03.2018

Ålesund videregående skole mars 2018 - Magne ved Joker Stordal med nysteikt pizza - Klikk for stort bildeÅlesund videregående skole mars 2018 - Magne ved Joker Stordal med nysteikt pizza Hallgeir Hove Ålesund videregående skole mars 2018 - burgersteiking - Klikk for stort bildeÅlesund videregående skole mars 2018 - burgersteiking Ålesund videregående skole mars 2018 - Klikk for stort bildeÅlesund videregående skole mars 2018 Hallgeir Hove Ålesund videregående skole mars 2018 - Klikk for stort bildeÅlesund videregående skole mars 2018 Hallgeir Hove

Opplegga på dagtid bydde m.a. på skiinstruksjon, både for dei i gruppa, men også slik at elevane på idrettsfag tok på seg å vere instruktørar for elevane ved Spjelkavik barneskole, som hadde skidag på torsdagen. Det var over 600 elevar på plass, men mange av desse var naturlegvis også i skiløypene ved Arena Overøye. Med det veret vi har hatt den siste tida, vart det naturlegvis ekstra flotte opplevingar framme under foten av Storlihornet på gjengen.

På ettermiddag/kveld, var det stor aktivitet i idrettshallen, med mellom anna volleyballturnering og mykje anna kjekt. Elevane var elles - som vanleg - delt inn i grupper, med ulike ansvarsområder og det var ikkje vanskeleg å sjå at det fungerte veldig bra. Første kvelden var det nysteikt pizza som stod på menyen og det var det Magne ved Joker som fiksa. På kort tid hadde han levert rykande fersk pizza til heile gjengen og stemninga var stor då han dukka opp. 

Tradisjonen tru, vart det også både Champions League (onsdag) og Europa League (torsdag) på storskjerm i grendasalen.

 

Ein suveren gjeng å ha på besøk og vi nyttar høve til å ynskje skulen velkomen tilbake også neste år.

Sjå gjerne også reportasjen frå då Ålesund videregående skole besøkte oss i fjor. Der finn du også lenker til reportasjane om kjekke besøk frå skulen, heilt tilbake til 2011.

Sjå gjerne også eige bildegalleri frå opphaldet denne gongen, på Stordalshallen si facebookside

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove