Fotograf: Hallgeir Hove
Hurra for Ålesund videregående skole fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Idrettsfagslevar og lærar frå Ålesund vgs fotograf Hallgeir Hove

Ålesund videregående skole med ny suveren ekskursjon!

I skrivande stund er dei omlag 50 elevane frå Ålesund videregående skole, i gong med siste del av den tre dagar lange ekskursjonen hit til Stordal. Som alltid, er det Stordalshallen som er base for opphaldet og på dagtid har dei hatt eventyrlege forhold på fjellet.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 11.03.2016

Det ei gruppe med elevar som har valgt idrett som gjestar oss, og saman med dei tre lærarane tyder alt på at dei har hatt det heilt topp under opphaldet.

Det suverene veret dei siste dagane og dei alltid topp preparerte skiløypene innover fjellet frå Overøye og mot m.a. Storvatnet og Lillevatnet, har sjølvsagt hatt mykje å seie. I tillegg ser det ut til at dei også har storkosa seg i lag, under opphaldet i Stordalshallen, der dei også overnattar.

Første kvelden var det stor volleybalturnering på programmet, med påyljande pizzafest i grendasalen. Det var Joker Stordal som hadde steikt opp pizza til heile den store gjengen og det heile smaka fortreffeleg.

Då vi var innom på fredagskvelden var det leikaktivitet på programmet og høgdepunktet for mange, iallefall for dei som held med eit bestemt lag frå "Beatles-byen", var nok ganske så sikkert fotballkampen som vart synt på storskjerm i grendasalen.

Vi takkar elevar og lærarar frå Ålesund videregåande skole for nok eit triveleg besøk og det gledar oss stort at de har fått supre dagar her hjå oss!

...vi blir ikkje overraska om vi ser att mange av desse - i dei same skiløypene - om ei vekes tid, når påskeferien står for tur!

Sjå gjerne også reportasjen får besøket i 2011

Sjå gjerne også reportasjen frå besøket i 2014

Sjå gjerne også reportasjen frå besøket i 2015

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove