Fotograf: Hallgeir Hove
Den kjekke gjengen samla til fotografering i Stordalshallen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Idrettsklassa ÅVGS
Langsætrane er ein av få stadar det framleis er råd å gå på ski for tida fotograf Idrettsklassa ÅVGS
Fotograf: Hallgeir Hove
Skyting med salonggevær var tydeleg populært fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Idrettsklassa ÅVGS
Team-track´n vart også nytta til å øve inn dansen fotograf Idrettsklassa ÅVGS
Fotograf: Hallgeir Hove
Ei av gruppene gjer det dei kan for å bruke færrast mogleg slag på dei fire hola i minigolf fotograf Hallgeir Hove

Ålesund videregående skole med vellukka skiekskursjon

45 elevar og 3 lærar frå Ålesund videregående skole var sist veke på skiekskursjon i Stordal. Base for opphaldet, som varte frå onsdag 26. t.o.m fredag 28. februar, var som vanleg Stordalshallen. På dagtid var det skileik og langrennsteknikk som stod på programmet, med det var ei rad ulike aktivitetar på ettermiddag og kveld i Stordalshallen.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 05.03.2014

Sjølv om dette har vore ein vinter der snøforholda har vore vanskelege, lukkast gruppa frå Ålesund vgs å gjennomføre skiaktivitetane sine på det lille området der det framleis fins snø på Langsætrane. Dit gjekk turen, både på onsdagen og torsdagen og det var eit særs variert og spanande opplegg dei køyrde der framme. På Idrettsklassa si eiga facebook-side, kan ein sjå meir om både skiopplegget deira og glimt frå opphaldet elles. Dyktige elevar!

I Stordalshallen var elevane innom ei rad ulike aktivitetar, men det var tydeleg at dei hadde stort fokus på at dei skulle delta i ein dansekonkurranse med det aller første. På torsdagskvelden fekk dei i tillegg vere med på eit opplegg der dei var inndelt i 9 grupper og då slik at gruppene konkurrerte seg i mellom der m.a. skyting (kaliber 22), presisjonskast og minigolf, inngjekk. I tillegg var det laga til ein eigen quiz.  

Inndelinga i grupper danna også utgangspunktet for dette med matlaginga og det som elles var av fellesoppgåver og det må utan tvil kunne hevdast at dette fungerte strålande. Det virka elles på oss som at dette var ein veldig godt samansveisa gjeng, som hadde det veldig kjekt på tur.

Vi håper det går/gjekk fint på dansekonkurransen dei skulle delta på og takkar for særs triveleg besøk!

For fleire bilder frå opphaldet, viser ein til eige galleri på Stordalshallen si facebookside

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove