Alltid stas med englebesøk

Ørskog Angels.jpg - Klikk for stort bildeØrskog Angels.jpg

Konfirmanttreff på laurdag og englebesøk på søndag er vel akkurat slik det bør vere det, ikkje sant? Slik vart det i alle fall denne helga, når Ørskog Angels la opp til turntrening på teamtrack´n i Stordalshallen søndag og ungdom frå Skodje, Ørskog og Stordal var på plass dagen før.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 06.10.2017

Ørskog Angels Cheerleading - Angels Unique, PeeWee 2016 - Klikk for stort bildeØrskog Angels Cheerleading - Angels Unique, PeeWee 2016 Ørskog Angels Cheerleading Ørskog Angels 2016 - Klikk for stort bildeØrskog Angels 2016 Hallgeir Hove Ørskog Angels 2015 - Klikk for stort bildeØrskog Angels 2015 Hallgeir Hove Stordalscup 2017 - Barnas cupfredag - Klikk for stort bildeStordalscup 2017 - Barnas cupfredag Hallgeir Hove

No består også Ørskog Angels av flott ungdom m.a. frå desse bygdene og ein ting er sikkert og det er at dei er blitt veldig, veldig gode. Det fekk mange av oss også oppleve då dei hadde oppvisning på Kirkebø Stadion under Barnas Cupfredag i juni.

Dette er ein gjeng som er flinke til å dokumentere det dei held på med og dermed kan det også vere kjekt med tilbakeblikk på tidlegare samlingar her i Stordalshallen. Så gler vi oss verkeleg også over kor mykje teamtrack´n vår har vore i bruk sidan vi kjøpte inn denne i mars 2007. Det er over 10 år sidan det no og sjølv om prislappen var på rundt kr 70.000,- må vi kunne hevde at den er verd kvar ei krone.

Vi ynskjer sjølvsagt englane lykke til i komande konkurransar og gratulerer i høgste grad med det dei har fått til så langt. Det er imponerande, enkelt og greitt.

Her er reportasjen frå oktober i fjor, der det også var laga ein flott filmsnutt frå samlinga: http://www.stordalshallen.no/orskog-angels-cheerleading-pa-plass-igjen.12250.aspx 

Sjå lenker til endå fleire reportasjar i denne, samt lenke til Ørskog Angels Cheerleading.

Ørskog Angels var også på plass under Stordalscup 2017

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove