Alltid stas med liabygdarar på besøk!

Liabygda idrettsskule 2017 - Klikk for stort bildeLiabygda idrettsskule 2017 Hallgeir Hove

I går kveld var det idrettsskulen i Liabygda, som besøkte Stordalshallen og det er langt frå første gongen, for å seie det sånn. Viktigste ingrediens i går, var klatreveggen og teamtrack´n. Med heile fire instruktørar på plass i veggen, fekk dei ivrige ungdomane verkeleg høve til å teste ut.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 14.03.2017

Liabygda idrettsskule 2017 - Klikk for stort bildeLiabygda idrettsskule 2017 Hallgeir Hove Liabygda idrettsskule 2017 - Klikk for stort bildeLiabygda idrettsskule 2017 Hallgeir Hove Liabygda idrettsskule 2017 - Klikk for stort bildeLiabygda idrettsskule 2017 Hallgeir Hove Liabygda idrettsskule 2017 - Klikk for stort bildeLiabygda idrettsskule 2017 Hallgeir Hove

Stort takk til Eli Søvik, Lottie Van Dijk, Helene Øvrebust og Mathias H Tafjord, som stilte på i klatreveggen. Med så mange som sikra der, fekk deltakarane verkeleg prøvd ut veggen og imponerte gjorde dei.

Idrettsskulen sjølve stilte med instruktørane Martin Lied Aarnes og Ådne Eide Stavseng. Dei tok hand om opplegget på teamtrack´n og elles.

Sjølvsagt vart det "jubileumsbuff" på alle dei 14 kjekke deltakarane, samt føresette - som også var kjempeflinke til å vere med å rydde på plass - før dei returnerte til Liabygda. 

Sjå fleire bilder frå opplegget, på Stordalshallen si facebookside

Sjå gjerne også reportasjen frå desember 2014

Fleire bilder frå desember 2014

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove