Fotograf: Hallgeir Hove
Her ser vi dei om lag 70 deltakarane og instruktørane på samlinga i 2015 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
I 2014 var det også nærare 70 deltakarar med fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
I 2013 var det denne gjengen som deltok. Også då nærare 70 deltaktarar (67 for å vere heilt nøyaktig) fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Pål Bjørn Øvrebust
Deltakarar og instruktørar i 2012 fotograf Pål Bjørn Øvrebust
Fotograf: Hallgeir Hove
Her ser vi dei som deltok på den 4. utgåva av Stordalshelga i langrenn fotograf Hallgeir Hove

Alt klart til den 9. utgåva av Stordalshelga i langrenn!

Neste helg, med andre ord frå fredag 7. oktober t.o.m søndag 9. oktober, går denne supre samlinga av stabelen. Stordalshelga i langrenn samlar kvar haust rundt 70 løparar frå heile Møre og Romsdal og langrennsgruppa i Stordal kan som vanleg by på eit innhaldsrikt og flott program og som vanleg med særs dyktige instruktørar. Base for samlinga, er naturlegvis Stordalshallen.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 28.09.2016

Stordalshelga i langrenn vart første gong arrangert i 2008. Suksessen ein opplevde den gongen -ikkje minst responsen frå fjern og nær, i etterkant - resulterte i at langrennsgruppa i Stordal IL bestemte seg for å gjenta det heile. Stordalshelga i langrenn er difor blitt ein flott tradisjon og noko langrennsutøvarane i heile fylket vårt - og endå til enkelte frå våre nabofylke - berre må ha med seg.

Årets samling fyl malen frå tidlegare, men no med endå fleire kjekke aktivitetar å programmet, m.a. kan den som har lyst få teste ut den flotte klatreveggen i Stordalshallen. Blant mange dyktige instruktørar, finn vi også Stordal IL sine eigne landslagsutøvarar Martine Lorgen Øvrebust og Petter Løset Skodjereite.

Det vil kanskje vere kjekt å ta eit tilbakeblikk på tidlegare samlingar? I tilfelle kan du gjere det ved å fylje lenkene heilt attende til 2008. På vegen vil du kome over ei rad bildegalleri og flotte filmopptak. God reise!

Sjå også eigen pdf nedst på sida for langrennsgruppa sin invitasjon.

Om du enno ikkje har meldt deg på til Stordalshelga i langrenn 2016, er det på tide å gjere  det no!

Du finn sjølvsagt også invitasjon og info om Stordalshelga i langrenn på Møre og Romsdal Skikrets si nettside

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove