Alt på stell!

Brukarmøte og brannøving hausten 2016 - Klikk for stort bildeBrukarmøte og brannøving hausten 2016 Hallgeir Hove

Vi kan nok ein gong gle oss over gode tilbakemeldingar i høve såvel brannsyn, som sertifiseringar og kontrollar av ulikt slag. Det vert stilt strenge krav til tryggleiken og til dokumentasjon på at ein tek denne på alvor og slik skal det sjølvsagt vere. Godt då at kontrollørane er ganske så tilfredse med det arbeidet som vert utført på dette området ved Stordalshallen. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 21.09.2018

System-Electro har ansvar for å føre regelmessig tilsyn med alt det som går på det elektriske, inkludert naudlys. KIS tek seg kvart år av sertifisering av skilleveggar, trosseriggen, sveivetårna og topptaufeste i klatreveggen. Vidare har Bravida hatt ansvaret for den årlege kontrollen av brannvarslingsanlegget og Brannvernservice ansvar for kontroll av sløkkjeutstyret (brannsløkkjeapparat og brannslangar) 

Nyleg var også Øystein Bjørkavåg (teamleiar hjå DIB) på plass og gjennomførte branntilsyn og her er noko av det som gjekk fram av rapporten vi har motteke i ettertid:  

Generelt: "Brannvernarbeidet hos Stordal idrettshall blir gjennomført på en god og grundig måte. Brannvernleder og vaktmester var kunnskapsrike og hadde gode rutiner for brannvernarbeidet både når det gjelder internkontroll og øvelser/opplæring for brukerne av idrettshallen."

No var det også lagt ned ganske så omfattande arbeid kring dette tema, i samband med at Stordalshallen danna midtpunkt i høve årets fylkesfestival av UKM og det er sjølvsagt stas med tilbakemeldingar som dette.  Viktig er det likevel å streke under at dette langt frå må bli ei "sovepute" for oss. Vi har alle eit ansvar - også framover - i høve til å gjere det som står i vår makt, for å hindre at uønska hendingar skal inntreffe (les; branntilløp og ikkje minst forebygge dette) og at vi klarer opptre på rett måte om så skulle skje.  Dei regelmessige brukarmøta, som altså er obligatoriske, er også viktige i ein slik samanheng og denne hausten er det klart for slikt møte på ny. Denne gongen med ekstra fokus på bruken av hjertestartaren vår.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove