Fotograf: Hallgeir Hove
Representantar frå Busengdal Transport, EL 24 Stranda, HT Bygg Hellesylt og Hevad inspiserer fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Tilbygg Stordalshallen - Byggjemøte 23 okt fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Tilbygg Stordalshallen - Byggjemøte 23 okt fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Einar Lied (frå venstre), Robert Busengdal, Carlo De Vrieze og Geir Frøysa går gjennom detaljane fotograf Hallgeir Hove

Alt på stell!

I dag har det vore nytt byggjemøte i samband med arbeidet med å få tilbygget ved Stordalshallen på plass. Både HT Bygg Hellesylt, Busengdal Transport og EL 24 Stranda var representerte og dei, saman med Einar Lied og underteikna, kunne konstatere at alt er på stell og at framdrifta går etter planen.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 23.10.2013

Slike byggemøter vert gjennomført kvar 14. dag og då vert den minste detalj også kva gjeld HMS, gjennomgått.

I løpet av møtet i dag kom ein også inn på detaljar kring framdrifta vidare. Det er m.a. klart at ein alt i veke 45 ser føre seg å kunne starte opp med å få golvet (sponplater) i 2. etasjen på plass. God tid før den tid, vil tak og det meste av veggar vere på plass.

I desse dagar er det Hevad AS, som er i sving med å få stålkonstruksjonane på plass og som tildegare nemt tek bygget verkeleg form no.

Igjen viser vi til vår eiga oppretta side på facebook, kalla Utvidingane ved Stordalshallen 2013/2014. Der kan du fylje med på det meste som skjer, frå dag til dag. Ikkje minst vert den store dugnadsinnsatsen synleggjort også der og difor veldig flott om flest mulig kan like denne sida og gjerne dele den med andre. 

Sjå gjerne også våre tidlegare reportasjar om prosjektet.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove