Fotograf: Hallgeir Hove
Berre smil og glede frå Peter Kåre Beite (KIS) og vaktmeister Eilif Falch fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Begge topptaufesta og bommen vart sjekka og alt var sjølvsagt i topp stand fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Skilleveggane er også framleis i god stand fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Peter Kåre frå KIS, sjekkar sveivetårna fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ove Tomren frå Bravida sjekkar at alt er i orden med brannvarslingsanlegget fotograf Hallgeir Hove

Alt på stell!

I dag har både KIS og Bravida vore på plass i Stordalshallen, for å utføre årleg kontroll, eller sertifisering, som det også heiter. Etter å ha kontrollert både klatrevegg, skilleveggar, trosserigg, sveivetårn og brannvarslingsanlegg kan vi konstatere at alt er som det skal vere.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 16.06.2015

No er sjølvsagt ikkje dette alt av kontrollar i løpet av året (m.a. vert både ventilasjonsanlegg, det elektriske og alt av sløkkjeutstyr kontrollert regelmessig. Ja hjertestartaren også for den del..), men mykje av det som vart sjekka i dag, befinn seg om lag 9 meter oppe frå golvet og slik sett er det ekstra kjekt å ha dette unnagjort på ein dag.

Stor takk til Busengdal Transport, som ordna med transport av liften både til hallen og attende til Ramirent, omgåande etter at vi var ferdige. 

I klatreveggen konstaterer vi at både topptaufeste og bommen i midten, utan problem tåler ei belastning på 1 000 kg (altså 1 tonn), skilleveggane er også i veldig god stand og det same er det å seie om sveivetårn og trosserigg. At det som har med brannvarslingsanlegget også er som det skal vere, er sjølvsagt også betryggjande.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove