Skolegårdsbakken - Norges Skiforbund
Denne bakken kjem garantert til å bli ein suksess under Stordalscup 2014!
Stordal Dansebandforening
Stordal Dansebandforening er klare til å gjenskape den unike stemninga som var under utedansen i fjor!
Fotograf: Hallgeir Hove
Om lag 100 aldersbestemte lag og nærare 1 000 spelarar deltek når Stordalscup går av stabelen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
I Stordalshallen vert det sjølvsagt tett i tett med standar, det vert underhaldnig, loppemarked, klatring og mykje meir fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Mange lag er alt påmeldt og for å vere sikker på å få plass, bør ein nok difor i vente særleg mykje lengre fotograf Hallgeir Hove

Årets folkefest nærmar seg med stormsteg!

Når vi i dag skriv 23. mai, er det berre 34 dagar att til folkefesten over alle folkefestar! Stordalscup skal arrangerast for 34. året på rad og ikkje overraskande vert det meldt om stor interesse for å kome med i fotballturneringa. Det vert denne gongen endå fleire kjekke aktivitetar og i tillegg har arrangørane med alt det som elles gjer dette til nettopp ein folkefest!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 23.05.2014

Både mobil hoppbakke og splitter ny skatepark!

I denne førehandsreportasjen kan vi avsløre at ein ny spanande attraksjon ser ut til å vere i boks, når Norges Skiforbund sin mobile hoppbakke skal riggast opp ved Kirkebø Stadion, i høve Stordalscup 2014. Som det aller meste elles, når det gjeld skihopping i regionen vår, er det Sindre Helland som her teke initiativet til å få på plass denne. Det er ikkje vanskeleg å sjå føre seg at denne kjem til å bli flittig nytta, heile helga til endes! Sjå endå fleire bilder av den stilige bakken på NSF si facebookside

Både denne attraksjonen og også den nye skateparken midt inne på stadionområdet, kjem sjølvsagt i tillegg til alle dei aktivitetstilboda som har vore med dei siste åra og sjølvsagt vert det tivoli, loppemarked, ei rad kulturinnslag både på utescena og inne i Stordalshallen, det vert stor utegrill og mykje, mykje meir! Les våre tidlegare reportasjar for meir om alt dette. (Ja, faktisk har vi tilbakeblikk på dei siste 7 åra der!)


Stor interesse for å melde seg på!

Ein kjapp kikk innom påmeldingsoversikta syner at vi i skrivande stund er i ferd med å passere 60 lag. Når vi også veit at det er mange lag frå arrangørklubben som framleis ikkje har meldt seg på, byrjar det å haste for dei laga som ynskjer å sikre seg plass. Det er nemleg slik at "smertegrensa" for kor mange lag som får plass, ligg på rundt 100. Om laget ditt enno ikkje er påmeldt, er det difor ingen grunn til å avvente lengre no! Her ser du oversikta over påmeldte lag pr 23. mai

Stordal Dansebandforening er klar i år og!

Utedansane under Stordalscup har alltid vore populære og truleg var fjorårets utgåve den argaste som har vore. Det var då våre eigne klassemusikarar i gruppa med namnet; Stordal Dansebandforening, som underheldt. Ja, faktisk var det over 750 på plass og ei heilt unik stemning. Det er no klart at Stordal Dansebandforening vert gjenforent i høve Stordalscup 2014 og dei er sjølvsagt meir enn klare for å skape topp stemning også denne gongen!

Vi kjem att med meir førehandsstoff, etterkvart som folkefesten nærmar seg endå meir!

Dette ligg an til å bli ein Stordalscup, om mogleg, betre enn nokon sinne!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove