Årsfest 2016 - plakat
Årsfest 2016 - plakat
Fotograf: Årsfest 2016
Denne supre gjengen er klare til å gje deg årets festaften! fotograf Årsfest 2016
Fotograf: Årsfest 2016
Eige kattekor frå Røysetdalen? fotograf Årsfest 2016

Årets store begivenheit nærmar seg!

I skrivande stund er det berre 13 dagar att til dalarane står klare med "ÅRETS FESTAFTEN" -nemleg Årsfest for Stordalshallen! Tittelen dei har valgt på revyen sin, under denne 19. utgåva av årsfesten, er "RØYTEGALE" og også den tilseier at det er litt av kvart å gle seg til, når denne gjengen entrar scena. Undertittelen; "Dalafest e best", likeeins. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 15.02.2016

Når vi no verkeleg har starta nedtellinga til årets store begivenheit, kan vi altså også presentere den stilfulle plakaten arrangørane har laga. Vi legg der m.a. merke til at dei faktisk stiller med eige band til festen. Det er verkeleg imponerande og for oss som kjenner dei som skal utgjere gruppa; "VIKINGNESANE" så skjønar vi at dette kjem til å bli knallbra.

Rutinerte Lasse Døving er innleigd til å ta hand om lyden og Ørskog Videoklubb er som vanleg også på plass og bidreg på sitt vis til at festen vert endå betre.

Ein del av oss har også observert diverse filmteam, som har vore i sving dei siste dagane. Det er m.a. ord stor aktivitet, utan at arrangørane ynskjer røpe noko som helst i høve til det som skal skje på scena.  

Hald deg oppdatert på det ferskaste vedr Årsfesten, på arrangørane si eiga facebook-hending Del gjerne også hendinga med andre du er venn med på facebook. Kjekt at flest mulig vert minna på at kva dei kan få oppleve, når dalarane no inviterer til Årsfest!

ALLE HAR NOK FORLENGST SETT RING RUNDT LAURDAG DEN 27. FEBRUAR, MEN MERK DYKK AT DØRENE OPNAR KL 19.00!

Før sjølve revyen startar, vert det m.a. også overrekkjing av Stordal kommune sitt kulturstipend.

Sjå plakaten for endå meir informasjon!

Les meir om både årets fest - og ikkje minst også om Årsfestar frå åra før - i vår tidlegare førehandsreportasje

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove