Fotograf: Hallgeir Hove
Dalane sitt lag i taudraging i 2000. fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Dyrkorn vann Supporterprisen i 2004. fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Liabygdarane sitt fotballag i 2004. fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Knut W Hvalstad
Hovslia arrangerte Årsfest i 2006. Her er mange av dei samla på scena. fotograf Knut W Hvalstad
Fotograf: Bjørn Steinar Skarbø
Øvrebust arrangerte Årsfest i 2007. Her ser ein Maria, Lene og Frøydis i aksjon på scena. fotograf Bjørn Steinar Skarbø

Faste arrangement i Stordalshallen sin regi

Kvart år vert det arrangert mange større og mindre arrangement i Stordalshallen sin regi. Nedanfor presenterer vi nokre av dei.
Årsfest for Stordalshallen:

Heilt sidan starten av har det vore arrangert fest for Stordalshallen kvart år. Dette er både ei flott markering/feiring av den flotte hallen vår, samstundes utgjer dette eit vesentleg økonomisk bidrag til sjølve drifta. Arrangementet går på omgong mellom dei sju grendelaga i kommunen og ber preg av grundig og godt forarbeid og det er særs høg kvalitet på det som vert framført frå scena. Førebuingane startar lang tid i førevegen og med avansert utstyr og særs dugande folk, vert dette kvart år ein kjempesuksess.

Årsfesten er også ein imponerande dugnadsinnsats der alle, gamal som ung, i heile grenda er med. Sjølv om det er mykje slit som ligg bak arrangementet kvart år, kan arrangørane sjå attende på mange flotte stunder saman. Årsfestane er difor også viktig i høve til samhaldet i grenda og sjølvsagt i kommunen elles. Årsfestane trekkjer folk frå heile nærområdet og mange utflytta stordalingar kjem også heim for å få med seg dette. Dei siste åra har ein valgt å legge festen til vinterferien, noko mange har sett stor pris på.


Tidlegare arrangørar:

Frå den første festen vart arrangert av Hovslia i 1998, har rekkefølgja vore slik:

1998 HOVSLIA

1999 DYRKORN

2000 NEJAFØRINGANE

2001 ØVREBUST

2002 DALANE

2003 VINJEHJELLANE

2004 VINJE

2005 DYRKORN

2006 HOVSLIA

2007 ØVREBUST

2008 NEJAFØRINGANE

2009 DALANE

2010 VINJEHJELLANE

2011 VINJE

2012 DYRKORN

2013 HOVSLIA


Arrangør 2014: ØVREBUST
 
Arrangør for 2015 vert Nejaføringane, som då også får ansvaret for organiseringa av den offisielle delen av 17. mai-feiringa året i førevegen (altså 2014). Det er årsfestarrangørane som peikar ut kven som skal utgjere arrangementskomitéen det påfyljande året. Denne vert presentert i samband med Årsfesten kvart år. Ein fyl altså ei fast rekkefylje i høve til kva grend som skal stå som arrangør av Årsfesten og dermed vert det Dalane sin tur att i 2016 osv, osv. (Fram til 2010 var ordninga slik at det vart trekt ut kven som skulle stå som arrangør, men då slik at dei grendene som hadde vore arrangør i løpet av dei tre siste åra, ikkje var med i trekninga. Vidare var det slik at alle grendene skulle ha stått som arrangør to gongar, før ein tok til på ny. Les meir om dette i eigen reportasje). 


Grendacupen:

Fram til 2010 vart det kvart år, den 27. desember, arrangert Grendacup i Stordalshallen sin regi. Frå starten av, i 1996, var dette ei rein fotballturnering, der grendelaga møttest til dyst.

Frå 1997 vart det også delt ut vandrepokal til det laget som underheld mest og best, til det laget som la størst vekt på breidde og til dei dyktigaste supporterane. Frå 1998 vart Grendacupen utvida med eigen skytekonkurranse og eigen taudragingskonkurranse og i 2004, kom også eiga volleyballturnering på plass. I tillegg fekk alle, som ynskte det, høve til å prøve seg på konkurransetrampolina, i klatreveggen og på miniatyrskytebana, under leiing av dugande instruktørarar frå disse gruppene. I 2007 kom for første gong også ei eiga turnering for dei yngre fotballspelarane på plass. I tillegg vart eiga bordtennisturnering arrangert.

Langrennsgruppa stod for kafédrifta og om kvelden var det Grendacupdans (her var det sommaridrettane og vinteridrettane som veksla på å stå som arrangør) Det var også eige Grendacup-lotteri, der ein m.a. kunne vinne gåvekort frå Comet Sport AS i Ålesund.

Det vart lagt stor vekt på det sosiale og Grendacupen skulle ha noko for ein kvar smak, anten ein var oppteken av å få seg litt trim, eller ein rett og slett ynskte å treffe gamle kjente frå fjern og nær. Stordalshallen skulle med andre ord vere den store treffstaden også i romjula!

Frå og med 2011, vart det bestemt at ein skulle opne opp for at andre kunne stå bak dette arrangementet og ein såg føre seg at idrettslaget var naturleg arrangør, m.a. då det vart eit utbreitt ynskje om at Grendacupen kun skulle ha fotball på programmet. I 2011 og 2012 var det fotballgruppa som stod som arrangør. I 2013 var derimot ikkje fotballgruppa interessert i å stå som arrangør og dermed tok grenda Hovslia på seg arrangøransvaret. Les gjerne meir om Grendacupen i dei mange reportasjane frå det flotte arrangementet.

Dei seinare åra har det vore 2. juledag (26. desember), som har vore fast dato for å arrangere Grendacupen.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove