Fotograf: Knut W Hvalstad
Hovsliarane på scena fotograf Knut W Hvalstad
Fotograf: Knut W Hvalstad
Bluesband fotograf Knut W Hvalstad
Fotograf: Knut W Hvalstad
Vigdis Hove Øie, Jonas Falch og Pia Birgitte Tomren fotograf Knut W Hvalstad
Fotograf: Knut W Hvalstad
Jan Are Remme som Hall Geir fotograf Knut W Hvalstad
Fotograf: Knut W Hvalstad
Årsfest 06 - Kor fotograf Knut W Hvalstad

Årsfest for Stordalshallen 2013

Det er Hovslia som skal arrangere Årsfesten i 2013 og dei er for lengst i gong med førebuingane. Arrangørane har bestemt at festen skal finne stad, laurdag den 23. februar og dermed er det berre å sette ein stor ring rundt denne datoen på kalenderen.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 26.10.2012

Det er Kathrine Hjelle Busengdal, Frank Iversen, Frode Færøy og Eilif Falch, som utgjer hovudkomiteen denne gongen. Eilif, kan meddele at det er stor interesse for arrangementet i grenda og at dei verkeleg gler seg til det heile.

Etterkvart som tida nærmar oss, vil vi kome med meir detaljar om Årsfesten 2013. Men alt no, er det mykje som tyder på at dette vert ein forrykande fest med m.a. mange knakande gode revyinnslag frå scena. 

Det høyrer med å nemne at den komande Årsfesten er den 16. i rekkja! Dette seier også mykje om kva possisjon dette arrangementet har fått og at alle berre MÅ ha med seg denne festen, er det liten tvil om.

For å korte ned ventetida, kan det kanskje vere stas med eit tilbakeblikk på festane som har vore frå 2006 og framover. Skulle det vere nokon som enno ikkje har fått gleda av å oppleve Årsfest i Stordalshallen, kan kanskje dei tidlegare reportasjane gje ein peikepinn på kor stort dette er.

Årsfest 2012 (Dyrkorn)

Årsfest 2011 (Vinje)

Årsfest 2010 (Vinjehjellane)

Årsfest 2009 (Dalingane)

Årsfest 2008 (Nejaføringane)

Årsfest 2007 (Øvrebust)

Årsfest 2006 (Hovslia)

Vi gler oss til Årsfest for Stordalshallen 2013, den 23. februar!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove