Artec Aqua AS har også kome med på vinnarlaget!

Artec Aqua - logo - Klikk for stort bildeArtec Aqua - logo

Det er med den største glede vi no kan presentere nok ei flott verksemd med på laget vårt. Med over 100 samarbeidspartnarar totalt, er det sjølvsagt ikkje til å unngå at det tid om anna er enkelte som fell frå. Men då opnar dette plass for nye og vi er veldig glade for at det nettopp er Artec Aqua som no har bestemt seg for å inngå nærare samarbeid med oss.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 24.08.2018

Artec Aqua - Klikk for stort bildeArtec Aqua Artec Aqua - Klikk for stort bildeArtec Aqua Artec Aqua - Klikk for stort bildeArtec Aqua Artec Aqua - Klikk for stort bildeArtec Aqua

Når vi skal gje ein presentasjon av Artec Aqua, kan vi kanskje starte med noko så kjekt som fyljande sitat:

"Ålesundsselskapet har tidoblet omsetningen de siste fem årene, med et foreløpig rekordår i 2017. Med forventet videre vekst, også internasjonalt, tar Artec Aqua sats og ansetter ny daglig leder."

"Artec Aqua tilbyr alt fra egne produkt og prosessløsninger, til komplette systemløsninger og nøkkelferdige anlegg. Omsetningen i 2017 var på 340 millioner kroner."

Få med deg heile den flotte reportasjen som stod å lese på nettstaden iLaks.no

 

Googlar vi litt til, finn vi fyljande skildring av selskapet:

"Gjør suksess med nøkkelferdige oppdrettsanlegg på land"

"Ålesund-selskapet Artec Aqua har hatt rakettvekst siste åra med sine nøkkelferdige landbaserte oppdrettsanlegg."

Resten av denne flotte reportasjen i SyslaFisk, er også kjekk å få med seg.

 

Liten tvil om at vi her snakkar om ei verksemd som verkeleg har lukkast og som opplever enorm vekst for tida og vi kunne sjølvsagt teke med endå fleire flotte medieomtalar om Artec Aqua her. Men i staden tek vi med lenke til den flotte nettsida til selskapet, som m.a. har fine presentasjonar og illustrasjonar av produkta dei leverer.   

Artec Aqua er elles også totalentreprenør for det nye settefiskanlegget i Tafjord og signerte avtale med Hofseth Aqua om oppføringa 21. desember 2017. Prosjektet har ei totalramme lik 187 millionar kroner.

Artec Aqua har også ei flott facebookside der du kan få med deg dei nyaste oppdateringane om den suksessrike verksemda.

 

Vi ynskjer Artec Aqua med dette velkomen med på vinnarlaget!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove