I tillegg til oversikta her, vil det vere lurt å kikke på kulturkalenderen. Der vil ein finne informasjon om komande arrangement. (Ein vil samstundes oppmode alle til å sende inn informasjon om slike arrangement i god tid) Ein minner også igjen om dei mange flotte heimesidene til lag og organisasjonar i kommunen vår. Der finn ein endå meir detaljert informasjon.
På grunn av den store aktiviteten, ikkje minst ved Stordalshallen, er det elles ein del faste treningar og øvingar som vert råka av arrangement o.l. Difor er det viktig å halde seg oppdatert også på dette. Det vert laga eiga oversikt og lenke til den vil du også finne nedanfor.
Etterkvart som snøen forsvinn vil naturlegvis aktivitetane ved skianlegga våre ta sommarpause. Det same gjeld for ein del av aktivitetane ved Stordalshallen, der t.d. fotballtreningane vert flytta til kunstgrasbana. Nye treningstider ved Stordalshallen vert fordelte i midten av august.