Referansar

Kvart år er det mange skuleklassar, idrettslag, bedrifter og liknande, som vitjar Stordalshallen. Oss ved Stordalshallen ynskjer også at endå fleire skal få oppleve alt det som skjer i og omkring Stordalshallen. Nedanfor kan du lese meir om kva våre gjestar meiner om opphaldet ved Stordalshallen.
Spjelkavik videregående skole har sidan 1998 lagt sin årlege ski-ekskursjon til Stordalshallen. Då kombinerer dei aktivitetar i Stordalshallen (m.a. instruksjonsopplegg i klatring, skyting og trampoline) med friluftslivsaktivitet/skiaktivitet ved Stordal Alpinsenter i Overøye- Langsæterområdet.

Mange idrettslag avviklar treningssamlingar ved Stordalshallen og også dei vel ofte å overnatte og lage maten sin der. Om ein ønskjer anna overnatting eller å gå til dekka bord finst dei fleire gode alternativ i nærleiken.

Vidare er det mange bedrifter som kombinerer instruksjonsopplegg i Stordalshallen med eit besøk ved Blåtind Appartement, Nilsgardstunet eller andre stader, som ein del av "blå-turar" eller liknande.

Nedanfor vil vi etterkvart presentere tilbakemeldingar og linkar til sider der ein kan lese meir om opphald ved Stordalshallen.

Kontaktinformasjon
_
_
Stordalshallen
Postboks 115
6259  Stordal
 
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
 
 
Telefon : 70279123
Mobil : 90949358
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Torbjørn Emblem      Nettredaktør Hallgeir Hove