Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Hallgeir Hove
Karane samla i Stordalshallen for lagbilde fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Det var ikkje noko å seie på løpskapasiteten til spelarane fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Det vart køyrt fleire 400 meterar, før dei beste var kåra fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Etter målpassering var det sjølvsagt spanande å få sjå resultatet fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Spelarar i gong med å besvare ein av quizane fotograf Hallgeir Hove

Aksla IL sine handballspelarar med flott samling

Sist helg var det Aksla IL sitt herrelag i handball, som avvikla samling i Stordalshallen. I tillegg til fleire økter med handball køyrde dei også ei rad testar og konkurransar. Trenar for laget, Tore Aasestrand, er godt nøgd med gjennomføringa.
Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 13.09.2011
Det var 15 spelarar med på samlinga, som starta laurdag føremiddag. Fleire økter med handball og heile 9 ulike testar/konkurransar var gjennomført, før dei utpå ettermiddagen søndag pakka seg ut og drog heim. I tillegg til dei mange testane hadde trenar Aasestrand også laga til to quizar. Konkurransen spelarane i mellom var stor og til slutt var det tid for premieutdeling til vinnarane.

Kirkebø stadion vart nytta til løpsøvingane og i Stordalshallen vart både generell styrke og skuddstyrke testa. For å teste skuddstyrken, vart Stordalshallen sin skuddlaser nytta.

På laurdagen vart prosjektor og storskjerm nytta, slik ein mellom anna fekk med seg premier league-oppgjeret mellom Stoke og Liverpool. (Sjølv om resultatet der ikkje vart som ein hadde håpa på, var det uansett kjekt å få med seg kampen)

Grendasalen vart elles nytta til fellesmåltid og etter det vi har grunn til å tru likte spelarane seg godt under opphaldet. Trenar, Tore Aasestrand, var iallefall klar på at det hadde vore ei vellukka samling og la ikkje skjul på at spelarane hadde fått køyrt seg godt. 

Vi takkar for nok eit hyggeleg besøk frå Aksla IL og ynskjer laget lukke til i serien!  

Aksla IL si heimeside finn du HER.
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Ole-Andre Vidhammer
Mot Seljebotnen
Ole-Andre Vidhammer
Levert av ACOS AS