Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Hallgeir Hove
Stinn brakke, når Stordalingane har bestemt seg for å løfte i flokk! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Olav Bratland, med arbeidshanskane på, ynskte velkomen og gjekk gjennom opplegget for kvelden fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ordførar Charles Tøsse og Bartland orienterte også nærare, om både bakgrunn og innhald i vekstkommune-prosjektet fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Frode Færøy synte kor enkelt og ikkje minst kor effektivt det kan vere å få spreidd det gode bodskapet, om ein kjenner verkemidla fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Heile 12 grupper var i sving og dei hadde kome fram til mykje. Her er det Claus Hoff, som presenter det gruppa hans hadde valgt å prioritere fotograf Hallgeir Hove

Stordalingane vil løfte i flokk!

Etter orienteringsmøtet og idedugnaden kring vekstkommune-prosjektet i går kveld, er det tydeleg at Stordalingane er klare til å ta på seg arbeidshanskane og løfte i flokk for å skape ny vekst og utvikling. Nærare 100 engasjerte og idérike personar møtte fram og bidrog til at det heile verkeleg vart vellukka.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 28.03.2014

Det var Olav Bratland, leiar i styringsgruppa, som opna og ynskte velkomen. Han ga ei kort orientering om bakgrunnen for prosjektet og fortalte også meir om kva styringsgruppe håpte skulle kome ut av møtet denne kvelden. Og sjølvsagt hadde Bratland alt teke arbeidshanskane på, når han ga ordet vidare til ordførar Charles Tøsse. (arbeidshanskar var det elles også til dei alle dei frammøtte!)

Ordføraren gjekk endå meir i detalj i høve til bakgrunnen for vekstkommuneprosjektet og kom også meir inn på sjølve innhaldet. Les meir om dette også i vår tidlegare reportasje.

Så var det Frode Færøy (Judopunch) sin tur til å legge fram sin presentasjon, der han (kort fortalt) tok føre seg dei enorme muligheitene som ligg der, klare til å takast i bruk, i høve til å få marknadsført det ein ynskjer å selge i vid forstand.

Også Jon Geirmund Lied (Forsøksringen/NLT) hadde også fått avsett tid, slik han fekk høve til å kome med innspel knytta til satsing innan lanbruksnæringa og alt det ein kan få til av nye næringar relatert til det ein kan kalle for den meir tradisjonelle landbruksnæringa. Det var liten tvil i at det låg eit enormt potensiale for å få til mykje, og det innan fleire område her.

Så kome ein til det som var det aller viktigste med denne kvelden, nemleg at dei mange frammøtte skulle kome med sine tankar og idear om kva som må til for at ein skal lukkast med å skape ny vekst og då gjerne slik at ein kan nå målet om 75 nye arbeidsplassar i løpet av fire år (og aller helst endå fleire!). Det heile vart organisert slik at kvart bord i grendasalen utgjorde ei gruppe med mellom 6 til 8 personar på kvar. Så fekk ein 20 minutt til diskusjon innad i gruppa, der ein også skulle kome fram til spenstige forslag til ny næringsverksemd i kommunen. Med så stort frammøte, vart det behov for å bere til både fleire bord og meir stolar. Heile 12 gruppar var i sving og det var stort engasjement rundt borda og medan ein diskuterte seg fram til det som skulle utgjere gruppa sitt bidrag i plenum etterpå, kunne alle kose seg med gode vaffler som Stordal frivilligsentral hadde stelt i stand.

Og lat det ikkje vere noko som helst tvil, det kom fram utruleg mange spanande idear, etterkvart som den eine gruppa, etter den andre presenterte sine bidrag. Frode Færøy noterte flittig og i tillegg til dei mange ideane knytta til ny næringsverksemd, kom alle gruppene også inn på gode forslag til tiltak for å styrke dei alt etablerte næringsverksemdene i kommunen. Alle desse innspela og ideane vil styringsgruppa no ta med seg vidare i prosjektet og dei vil vere gull verdt i det som skal skje vidare. I tillegg var styringsgruppa også veldig klare på at det var viktig å få inn ytterlegare innspel og tips også vidare framover. I tillegg sjølvagt også at det er ingen grunn til å ta av seg arbeidshanskane etter dette møtet. Det er no den verkelege jobben startar!    

Olav Bratland var naturlegvis særs tilfreds med det gode frammøtet, eit frammøte som faktisk ikkje ligg så langt unna 10%, om ein ser dette i høve til innbyggjartalet! At dette engasjerer bygdefolket, fekk ein bevist til fulle denne kvelden og leiaren for styringsgruppa er etter dette endå meir overtydd om at stordalingane er klare til å løfte i flokk, også i denne samanhengen. Han var imponert over dei mange gode innspela og spanande ideane til ny næringsaktivitet som kom fram.

Bratland fortel vidare at det skal tilsetjast ein eigen prosjektleiar og at annonsa knytt til denne, ligg ute no.

Med den korte tida som er gått sidan dette vekstkommune-prosjektet starta opp (januar 2014) er det all grunn til å hevde at ein er komen godt i gong, men som tidlegare nemnt, det er no arbeidet for alvor må ta til! Men at muligheitene for å få til mykje er store, ja det synte møtelyden til fulle i går kveld!  

For mange fleire bilder frå den vellukka kvelden, viser ein til eige galleri på Stordalshallen si facebookside.

Sjå ikkje minst også den flotte filmsnutten Frode Færøy har laga i etterkant!!

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Jøssvollbotnen
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS