Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Spjelkesett
Vakuspjelkesettet vil kome godt med om uhellet skulle vere ute.
Armébåre
Den nye båra ved Stordalshallen er samanleggbar, men lett å slå opp.

Meir førstehjelpsutstyr til Stordalshallen

Stordalshallen vil med det aller første få på plass både båre og avansert spjelkeutstyr. Stordal Helselag har i sitt styremøte den 22. mars, vedteke at laget vil gå inn med heile kr 6.000,- til føremålet.
Både båre og spjelkeutstyr har ein sett på som særs viktig å få på plass ved Stordalshallen og ekstra gledeleg er det at helselaget stiller seg positiv til å gå inn med støtta på kr 6.000,-.

Stordalshallen er oppteken av tryggleiken til alle som ferdast i og omkring hallen og i den samanhengen har ein også vurdert dette med hjartestartar. I samråd med den kommunale helsetenesta har ein etter ei samla vurdering likevel kome fram til at den best tenelege løysinga vil vere at hjartestartaren ved Stordalstunet (2 minutt unna) også kan dekkje opp aktivitetane i Stordalshallen.
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
17.maikorps
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS