Fotograf: Hallgeir Hove
Denne hyggelege gjengen hadde køyrt over 350 mil, ein veg, for å delta på treffet. fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Dei spanske deltakarane klare for kortesje og dagstur til Geiranger. fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Området ved Stordalshallen er veleigna for store treff. Her ser ein litt av teltleiren under det internasjonale MC-treffet 2007. fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Frå frokosten i Stordalshallen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Kortesje gjennom sentrum. fotograf Hallgeir Hove

Frå Spania til Stordalshallen for å delta på MC-treff!

Det internasjonale MC-treffet har deltakarar frå heile 12 europeiske land. Dei som har reist lengst for å få vere med er dei fem deltakarane frå Spania. Dei har lagt bak seg ei strekning på over 350 mil, for å kome hit til Stordal.
Trass i at det framleis er gråver og regn i lufta, ser dette ikkje ut til å sette sitt preg på arrangementet. Stemninga blant deltakarane er særs god og tilbakmeldingane tyder på at dei er godt nøgde med opphaldet så langt.

I dag går dagsturen til Geiranger og til kvelden vert det sosialt samvær ved Stordalshallen. I morgon vert truleg endå fleire med på utflukt til Ålesund, i og med at vermeldingane er langt betre enn dei har vore i det siste.

På laurdagskvelden skal det vere hyggeleg samankomst for alle deltakarane i grendasalen med levande musikk og diverse program.

I år er det internasjonale Venture-treffet altså lagt til Stordalshallen, noko vi sjølvsagt er stolte av. Neste års treff skal vere i Almeria i Spania. Våre spanske gjestar kunne syne fram detaljar og bestemmelsesstad for treffet. Sjå fleire bilder frå treffet i vårt bildegalleri.

Heimesida til Ventureclub of Norway finn du ved å fylje linken nederst.
   

Søk

 

Kontakt oss

Stordal kommune Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Faks
: 70279101
Beredskap
: 934 01 661

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Trongstelia i vinterskrud
Trongstelia i vinterskrud
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Lars Joranger      Nettredaktør Bjørnar Midtbust