|
|
|
|
Meir internasjonalisering!
I neste veke, nærare bestemt frå tysdag til og med torsdag, er det på ny klart for Spjelkavik videregående skole sin årlege ski-ekskursjon til Stordalshallen. Også denne gongen er det mange nasjonalitetar representerte, der det i tillegg til dei norske elevane vil vere med 26 frå Nederland, 6 frå Irland, 2 frå Italia og ein frå Tyskland.
Heilt sidan Stordalshallen stod ferdig, for 12 år sidan, har elevar frå Spjelkavik videregående skole vitja oss. Stordalshallen er base for opphaldet, der det er full aktivitet på ettermiddag og kveldstid. På dagtid er det ski og friluftslivsaktivitetar som står i fokus. Siste dagen vert som vanleg sett av til å besøkje Arena Overøye.
Etter kvart har det også kome utanlandske elevar med på disse opplegga, som eit ledd i skulen si satsing på internasjonalisering. Frå starten av var det elevar med fordjupning i idrett som var med på disse ekskursjonane, men dei seinare åra er det også grupper, som har fokus også på andre områder. Dette har også bunna ut i at elevane jobbar med konkrete prosjekt i løpet av opphaldet her. "Environment" og "Home and abroad" er dømer på dette.
Ein konsekvens av dette er det også at det vert lagt opp til andre aktivitetar enn dei reint "sportslege" i løpet av disse dagane. I fjor hadde gruppa som jobba med prosjektet "Home and abroad" eit særs nyttig besøk hjå Placement (som har sitt hovudkontor, nettopp her i Stordal) Tidlegare har også Rosekyrkja vore vitja. På programmet i år står m.a. eit nytt besøk hjå Placement. Vidare vil det bli omvisning hjå Stordal Møbler AS og Harald Jøsvoll vil syne fram stampa ved Stavåna.
Deltakinga på disse ekskursjonane har også auka, ettekvart som inhaldet er blitt utvida og også i år vil det vere med godt over 100 elevar. Frå Nederland er det tre lærarar med, frå Irland to, og i tillegg er det 4 høgskulestudentar (frå Sogndal og Trondheim) som skal vere med. Sist men ikkje minst stiller Spjelkavik videregåande skole naturlegvis også med lærarkrefter og då med Olav Grønningsæter i spissen. Han har vore med heilt sidan starten av.
Takka vere ein stor innsats frå instruktørane til klatreklubben, trampolinegruppa og Stordal skyttarlag, maktar ein likevel å gje alle disse eit godt tilbod, både i klatreveggen på konkurransetrampolina og på skytebana. Instruksjonsopplegga vert køyrd både tysdagskvelden og onsdagskvelden. I tillegg til dette vert det ei rad andre aktivitetar i Stordalshallen, i løpet av opphaldet. Eigen team-track på 15 x 3 meter er veldig populær og sjølvsagt vert det plass til ulike turneringar og konkurransar.
Spjelkavik videregående skole har utvekslingsopplegg med ei rad skular i mange land. Dette gjer at det etterkvart er blitt mange ulike nasjonalitetar representerte i Stordalshallen. Men den skulen som ein har samarbeidd lengst med, ligg i Amersfoort i Nederland. Det har etterkvart blitt sterke bånd også mellom oss her i Stordal og lærarane frå Nederland og det er alltid like kjekt å ta imot både dei og alle dei andre gjestane. Eit anna artig poeng er at det nettopp var til Amersfoort, delegasjonen frå vår kommune (med ordføraren i spissen) reiste, tidlegare i år. Slik sett vert bånda mellom Stordal og Amersfoort (og Nederland i vid forstand) berre sterkare og sterkare.
Opplegga til Spjelkavik videregående skole er berre heilt suverene og konseptet med å nytte Stordalshallen som base for ein ekskursjon rik på opplevingar både utandørs og innandørs, er det vanskeleg å få særleg betre. Ekskursjonane har også hatt stor medieinteresse. NRK har laga reportasjar og sjølvsagt får opplegga fyldig dekning i lokalavisene.
Vi vil ynskje alle våre gjestar velkomne til Stordalshallen og Stordal kommune og ser fram til å gjere det vi kan for at opphaldet skal bli så bra og innhaldsrikt som mulig.
Sjå reportasjar frå tidlegare ekskursjonar og mykje anna i vårt arkiv. Lenke til reportasjen frå i fjor finn du nedanfor.
Stadig fleire av gjestane våre kjem langvegs frå. Legg merke til at det likevel ikkje er noko problem å finne fram. Sjå lenke nedanfor.
Nedanfor finn du også lenke til Placement, Stordal Møbler AS, Spjelkavik videregåande skole og Arena Overøye.
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
|
|
Stordalshallen
|
|
|
|
Postboks 115
|
|
6259
Stordal
|
 |
|
Telefon
|
:
|
70279123
|
|
Mobil
|
:
|
90949358
|
|
|